Eidfjord kommunale fritidsklubb - 2,4% fast stilling som fritidsklubbmedarbeidar

Arbeidsgiver
Eidfjord Kommune Fritidsklubber
Stillingstittel
Klubbarbeider (fritidsklubb)
Frist
27.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Eidfjord kommunale fritidsklubb leitar etter deg som vil vera med å skapa ein god møteplass for ungdom i Eidfjord. Fritidsklubben held til i ungdomshuset i flotte nyoppussa lokaler. Som ein del av det førebyggjande arbeidet har me utvida opningstidene våre og treng deg med på laget! Fritidsklubben er for ungdom frå 8. klasse og oppover. Fritidsklubben er ein triveleg møteplass der alle føler seg velkomen. Me fylgjer skuleruta, opningstidene er kveldstid annakvar måndag, onsdagar og annakvar fredag. Me har også meiropen fritidsklubb der dei eldste ungdommane får eigen tilgang til klubben.

Arbeidstida vil vera ein kveld i veka, etter oppsett vaktplan.

Du er
  • Positiv

  • Trivst saman med ungdom

  • Ein tydeleg vaksen

  • Sjølvgåande

  • Inkluderande og sosial

Kvalifikasjonar
  • Utdanning tilsvarande barne og ungdomsarbeider/pedagog/sosionom/kulturarbeider

  • Personar med annan utdanning og relevant erfaring kan også søkja

Me tilbyr
  • Lønn etter tariff

  • Mogelegheit for kompetanseheving

  • Godt arbeidsmiljø

Tilsetjingsvilkår
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, etter §34-12 politiregisterforskrifta
Spørsmål

For spørsmål eller meir info om stillinga kontakt:

  • Førebyggingskoordinator Kari Lægreid, telefonnr: 951 02 255

  • Kultursjef Bergljot Maria Veivåg Hauso, telefonnr: 971 90 023


Merk søknaden med SaksID 24/3589

Velkomen som søkjar!

Sektor
Offentlig
Sted
Lægreidsvegen 3, 5783 Eidfjord
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
384836294
Sist endret
13. des. 2024 09:11