Vil du vere del av eit kontorteam som jobbar på tvers av avdelingane?

Arbeidsgiver
Ål kommune Stab
Stillingstittel
Konsulent – 80% vikariat
Frist
27.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du kompetanse eller interesse for arbeidstidsplanlegging / turnus?

Me har ledig eit vikariat i første omgang 6 månader på inntil 80 % som konsulent for helse- og omsorgsektoren.

Arbeidsoppgåver

  • utarbeide bemanningsplanar og årsturnusar i samarbeid med avdelingsleiarar og tillitsvalte
  • ferieplanlegging
  • innleige og oppdekking av ledige vakter
  • administrative og kontorfaglege oppgåver
  • vere ein støttespelar for avdelingsleiarar

Kvalifikasjonar

  • tre-årig vidaregåande utdanning innan kontor og servicefag. Relevant realkompetanse kan erstatte kravet om formalkompetanse 
  • det er ønskjeleg med erfaring og kunnskap til arbeids- / turnusplanlegging
  • kjennskap til gjeldande lov- og avtaleverk
  • kompetanse og erfaring med administrativt arbeid
  • gode datakunnskapar
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

 Personlege eigenskapar

  • du er pliktoppfyllande fleksibel og serviceinnstilt
  • du er strukturert og nøyaktig
  • du kan jobbe sjølvstendig og i team
  • du er god på å finne løysningar og behalde roen i hektiske periodar
  • du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

 Me tilbyr

  • fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dagar er like
  • god opplæring
  • jobb i ein utviklingsorientert kommune og sektor med gode tilbod for innbyggjarane
  • løn etter tariffavtale, gode pensjonsordningar og gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet

 Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

 Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Torget 1, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
384843241
Sist endret
13. des. 2024 12:08