HJELMELAND IDRETTSLAG - KOMBINERT STILLING SOM AKTIVITETSLEIAR , TRENAR- OG SPELARUTVIKLAR OG ADMINISTRASJONS-SEKRETÆR
- Arbeidsgiver
- Hjelmeland Idrettslag
- Stillingstittel
- Aktivitetsleiar, trenar- og spelarutviklar og administrasjonssekretær
- Frist
- 21.12.2024
- Ansettelsesform
- Prosjekt
Beskrivelse
VIL DU VERA POTETA VÅR?
Hjelmeland idrettslag er på jakt etter ein allsidig person som kan vera med å utvikla klubben både sportsleg og organisastorisk. Og som har lyst til å jobba for at barn og unge skal ha gode trenings- og fritidstilbud.
Hva vi ser etter
Me leitar etter deg som :
Har gode samarbeidsevner, omstillingsevne og fleksibilitet, kan jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta og som er engasjert, initiativrik og kreativ.
Har gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, gode digitale ferdigheter og som er eldre enn 18 år.
Arbeidsoppgaver
Aktivitetsleiar
Me har ope klubbhuset to dagar i veka for barn frå 5. - 7. kl. Her skal dei få mat, og dei skal få vera fysisk aktive og ha det kjekt i lag. Me treng deg som kan vera aktivitetsleiar og organisera dette tilbodet
Me ønskjer å starte opp eit ungdomsklubbtilbod der ungdom frå ungdomsskulealder kan ha ein stad å vera, anten det er i idrettshallen eller på Klubbhuset. Jobben vil vera å administrera dette tilbodet.
Spelar- og trenarutviklar
Me ønskjer å vera ein kvalitetsklubb i fotball, og ønskjer deg som kan vera med å utvikle trenarar og spelarar.
Organisasjonssekretør
Hjelmeland idrettslag treng også deg som kan ta deg av enkle administrasjonsoppgåver for idrettslaget, som t.d. å sende søknadar om støtte til prosjekt og tiltak, organisera dugnad og aktivitetar og drive informasjonsarbeid.
Vi tilbyr
Me tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Me gir det mulighet til eit meiningsfullt arbeid der du får vera med å skapa gode aktivitetstilbod for barn og unge.
I denne stillinga vil du kunna bidra til å utvikla Hjelmeland idrettslag både sportsleg og organisatorisk.
Løn etter avtale.
- Sektor
- Privat
- Sted
- Ramsbu 37, 4130 Hjelmeland
- Stillingsfunksjon
- Annet, Kontor og administrasjon, Koordinering
- FINN-kode
- 384843786
- Sist endret
- 13. des. 2024 10:13