NAV Sunnfjord søker etter
- Arbeidsgiver
- Sunnfjord kommune NAV
- Stillingstittel
- Rettleiarar - fast stilling og vikariat
- Frist
- 02.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønskjer du å gjere ein forskjell i folk sine liv? Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid? Trivast du med oppfølging, sakshandsaming og å finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevjande situasjonar? Då kan du vere den du vi søker etter.
Som rettleiar i NAV skal du følgje opp brukarar i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav skal betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, her under at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Frå 2025 er NAV Sunnfjord og Ytre Sogn etablert som felles NAV-kontor for kommunane Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad. Kontoret har litt over 60 tilsette og har lokasjonar i Førde, Høyanger, Dale og Hyllestad. Kontoret er òg regionkontor for Sunnfjord regionen saman med Askvoll og Kinn. Kontoret er organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonane med eigen avdelingsleiar.
Vi har no ledig fast stilling og vikariat.
- Rettleiar - avdeling for oppfølging 100% fast stilling
Arbeidsstad: Hyllestad.
- Rettleiar - avdeling for levekår 100% vikariat i perioden 01.02.25-31.12.25.
Arbeidsstad: Førde.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av eigen portefølje etter nærmare avtale.
- Rettleie og motivere personar som treng bistand til å stå i arbeid eller skaffe ny jobb.
- Kartlegge den enkelte sine ressursar og moglegheiter
- Vurdere bruk av tiltak som kan bidra til at den enkelte kan komme i arbeid.
- Samhandling internt og med aktuelle samarbeidsinstansar.
- Sakshandsaming etter aktuelt lovverk.
- Bidra til fagutvikling i eiga avdeling og i kontoret
Det kan komme endringar i oppgåver som følgje av endra behov hos innbyggarar og/eller organisasjonen elles.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Utdanning på bachelor-nivå innanfor relevant fagområde som t.d. sosialt arbeid, helse og sosialfag, økonomi og administrasjon, jus og psykologi. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. (Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevner (minimum B2).
- God digital kompetanse.
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring med oppfølging, rettleiing og med å motivere menneske med ulike helsemessige og sosiale utfordringar.
- Erfaring med å koordinere tenester og arbeide heilskapleg.
- Erfaring med, og kjennskap til offentleg forvaltning, t.d. sosiale tenester eller arbeidsretta oppfølging.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner.
- God på motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad.
- God evne til sjølvleiing og å skape framdrift i arbeidsoppgåver.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver med kollegaer der arbeidsmiljø er høgt verdsett.
- Ein arbeidskvardag med stor moglegheit for personleg vekst og utvikling.
- Fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida.
- Tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns og pensjonsvilkår, i lønsspenn 507 400 til 673 400 etter utdanning og tenesteansiennitet.
Kontaktinformasjon:
Magne Kjetil Berg, NAV-leiar, 992 41 911 / Magne.Kjetil.Berg@nav.no
Kjersti Erichsen, assisterande einingsleiar, 996 36 451 / Kjersti.Erichsen@nav.no
Om NAV
NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids og velferdstenester til Noregs befolkning.
Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV Sunnfjord er eit partnarskap mellom arbeids og velferdsetaten og Sunnfjord kommune. NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/”hol i CV” kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad. CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Hafstadvegen 40 B, 6800 Førde
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Konsulent, Saksbehandler
- FINN-kode
- 384852850
- Sist endret
- 13. des. 2024 02:00