75% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar med langvakter ved Tenesta for funksjonshemma, Kinsarvik

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Frist
03.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

75% stilling vikariat som vernepleiar / sjukepleiar med langvakter ved Tenesta for funksjonshemma avd Kinsarvik. 

 

Arbeidsstad: Kinsarvik

 

Om oss:

Bråto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov.

Me driv også avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1 tilbod i eigen tilrettelagt bustad.

Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader.

Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.

Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe med faglege utfordringar.

Me yter tenester personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.

 

Vikariatet er ledig frå dags dato. Det varer i 6 måneder med moglegheit for forlenging. 

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøarbeid
  • Legemiddelhandtering
  • Veiledningsansvar
  • Samarbeid med pårørande
  • Utarbeide og følge opp interne rutiner i samarbeid med leiar
  • Være aktiv ifht. å styrke fagmiljøet i tenesta
  • Turnusen inneber langvakter medarbeid kvar 4. helg

 

Kvalifikasjoner:

  • Me søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevant høgskule/universitets-utdanning vil og verte vurderte
  • Du er løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og er fleksibel til endringar
  • Du har ei positiv tilnærming, og er ein engasjert bidragsytar til arbeidsmiljøet
  • Du har erfaring frå målretta miljøarbeid og liker å vere i fysisk aktivitet. Interesse for musikk er eit pluss.
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg og har gode kommunikasjons-eigenskapar
  • Du må vere personleg eigna



Me tilbyr:

  • Ein spennande og lærerik jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Opplæring og rettleiing, og ei arbeidstid som inneheld fagtid.
  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
384882113
Sist endret
16. des. 2024 07:39