Vi søkjer spesialsjukepleiar/ vernepleiar til TSB poliklinikk Odda/Valen

Arbeidsgiver
Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/vernepleiar
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

VI tilbyr fast stilling i vår TSB poliklinikk

Folgefonn Distriktspsykiatriske Senter (DPS) har ansvaret for TSB og allmennpsykiatriske spesialisthelsetenester innan rus og psykiatri i kommunane Kvinnherad og Ullensvang. Vi betener eit befolkningsgrunnlag på om lag 20 000 vaksne innbyggjarar.

Våre poliklinikkar i Valen og Odda består av eit tverrfagleg team med psykologspesialistar, psykiatrar, spesialsjukepleiarar, ruskonsulentar og fysioterapeutar. I Odda har vi også ansvar for LAR-utdeling og TSB poliklinikken deltek i samhandlingsteamet med Ullensvang kommune, som sikrar saumlause behandlingstilbod for pasientar med ruslidingar. Folgefonn DPS har også døgnpost med 12 døgnplassar på Valen med godkjenning for tvunge psykisk helsevern og Fact. Her er også tilbod om gruppebehandling. 

Stillinga inngår i eit TSB team som vil få ansvar for pasientoppfølgjing av pasientar i heile opptaksområdet. Det inneber ambulering mellom lokasjonane Odda og Valen.

Det er gode samarbeidstilhøve med døgnavdeling og ambulant eining med sikte på å tilby eit heilskapleg behandlingstilbod.

Vi ser frem til å motta din søknad!

Ta gjerne turen innom: Hardanger (hardangerfjord.com) for å lese meir om flotte Hardanger.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av personar med rus lidingar
  • Samarbeid og rettleiing av personell 
  • LAR behandling

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar eller vernepleiarmed norsk autorisasjon
  • Vidareutdanning i psykisk helse og rus
  • Tilleggsutdanning og erfaring frå arbeid innan rusbehandling er ønskeleg 
  • Relevant erfaring og praksis.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • kan arbeida sjølvstendig og i team, blir vektlagt.
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er initiativrik, engasjert, reflektert og løysningsorientert

Personlege eigenskaper vert vektlagde.

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtale mellom NSF og Helse Fonna HF.
  • Gode løns- og arbeidsvilkår. Fleksibel arbeidstid om ønskjeleg. 

Kontaktinformasjon

Erlend Hellingsrud, Poliklinikk leiar, 95256269, erlend.hellingsrud@helse-fonna.no

Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, +47 53 46 64 12

Arbeidsstad

Sjukehusvegen

 Odda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4895993968

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 13, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
384894540
Sist endret
16. des. 2024 08:12