Ferievikar Sentralkjøkken 

Arbeidsgiver
Volda kommune, Helse og omsorg
Stillingstittel
Ferievikarar ved sentralkjøkkenet
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

I tidsromet juni til medio august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter ferievikarar retta mot arbeid som assistent/kokk ved sentralkjøkkenet ved Volda omsorgssenter.

Det vert gjort fortløpande tilsetting. 

Kvalifikasjonar

Det vert stilt krav om politiattest for alle som jobbar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Du må ha førarkort klasse B.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Personlege eigenskapar

Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad. Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.  

Vi tilbyr

Som ferievikar i sektor helse- og omsorg får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  

Kontaktinformasjon

Hege Daugstad, Seksjonsleiar kjøkkendrift, 47716883, hege.daugstad@volda.kommune.no

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4895784392

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Stormyra 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Mat og servering, Annet
FINN-kode
385233215
Sist endret
16. des. 2024 12:56