Ferievikar i Gloppen heimeteneste 2025

Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Stillingstittel
Ferievikar i Gloppen heimeteneste 2025
Frist
06.02.2025

Beskrivelse

Hei, ynskjer du å arbeide i Gloppen kommune i sommar? Heimetenesta har behov for ferievikarar i fleire av våre einingar. Er du omgjengeleg og er god på å skape relasjonar til andre mennesker? Då treng vi deg som ferievikar i Gloppen kommune.

Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få opplæring/kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.

Søknader vert  handsama fortløpande.

 

Arbeidsoppgåver

Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33, nokre einingar også veke 25 og 34. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, heimehjelper og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og dei som kan jobbe seks veker blir prioritert.

  • Stell og pleie i heimen til pasienten
  • Samarbeid med pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer hovudsakleg etter arbeidstakarar over 18 år eller som fyller 18 år i 2025.
  • Du må kunne ta ansvar, kunne jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.
  • For tilsetting i heimetenesta krevst førarkort for bil. 

Vi tilbyr

  • Informasjonsmøte for alle ferievikarar før oppstart, og ei opplæringspakke som sikrer at du har dei kursa du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvane dine. Du vil også få opplæring og oppfølging på arbeidsstaden du er tilsett.
  • Moglegheit for å vere tilkallingsvikar vidare
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

 

#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord

 

Kontaktinformasjon

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, 472 60 601

Oddrun Ommedal, Avdelingsleiar Hyen heimeteneste, 957 78 772

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4895349900

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 06.02.2025

Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
385244603
Sist endret
16. jan. 2025 07:42