Avdelingsleiar ved Stryn omsorgssenter, vikariat
- Arbeidsgiver
- Stryn Kommune
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar Stryn omsorgssenter
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Har du lyst å vere avdelingsleiar ved Stryn omsorgssenter for ein periode?
Vi har ledig vikariat for perioden 01.03.25 - 31.08.26 ved avdeling Fiolen. Vi ser etter deg som enten har leiarerfaring frå tidlegare, eller deg som har lyst til å ta steget og prøve deg som leiar for første gong.
Fiolen er ei institusjonsavdeling med 22 plassar fordelt på langtid, korttid, rehabilitering og avlastning. Som leiar har du ansvar for fag, personale og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Våren 2025 skal kommunen i gang med omstillingsprosjektet TØRN, og vi ser difor etter ein leiar som er nyskapande og engasjert, og som har evne til omstilling og interessert i å vere med på å utvikle tenesta.
Kvardagen som leiar ved Fiolen kan vere hektisk, og du vil bli gitt stor grad av tillit. Det er difor viktig at du er sjølvstendig, evnar å prioritere oppgåver og det er avgjerande at du kan planlegge din eigen arbeidsdag. Du vil jobbe tett på dei tilsette ved avdelinga og ditt kontor vil vere i avdelinga med pasientane rundt. Ved Stryn omsorgssenter set vi pris på leiarar som tenker utvikling, er gode til å sjå løysingar og som leiar med både hovud og hjerte.
Som avdelingsleiar ved Fiolen blir du ein del av eit leiarteam ved omsorgssenteret, og vi ønsker at våre leiarar skal ha et godt samarbeid og bidra på tvers. Det blir vektlagt god evne til samarbeid. Du vil også ha tett samarbeid med tilsette i administrasjonen og samarbeidande yrkesgrupper som fysioterapeut og ergoterapeut. Vi har dyktige leiarar og du vil inngå i eit kompetent leiarteam.
Avdelingsleiar er med i leiarteamet for pleie- og omsorgstenestene i område Stryn, næraste overordna er einingsleiar for Eining pleie-og omsorgstenester, område Stryn.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for tenestetilbodet i avdelinga
- Dagleg leiing og organisering av personalressursar i avdelinga
- Oppfølging av avdelinga sin internkontroll
- Medvirke til utvikling av avdelinga og tenestene
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg høgskuleutdanning
- Det er ein fordel med leiarutdanning og leiarerfaring
- Relevant arbeidserfaring innan fagområdet
- Gode faglege og digitale ferdigheter
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit vert vektlagt
- Evne til god kommunikasjon
- Samarbeidsevne
- Evne til leiing og fleksibilitet
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Varierande arbeid i positivt miljø
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Alexander Rande, Kommunalsjef, 97040762Reidun Aven, Avdelingsleiar område Stryn, 94828329
Arbeidsstad
Myrane 186783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4895203996
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Myrane 18, 6783 Stryn
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Helsepersonell
- FINN-kode
- 385255858
- Sist endret
- 17. des. 2024 07:54