Har du lyst til å vere ferievikar i heimesjukepleia i sommar?
- Arbeidsgiver
- Volda kommune, Heimeteneste
- Stillingstittel
- Har du lyst til å vere ferievikar i heimesjukepleia i sommar?
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Vi søkjer etter deg som har lyst på ein meningsfull sommarjobb i heimetenesta! I tidsrommet 23. juni - 17. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i heimesjukepleia i Volda kommune. Vi treng vikarar både ved personalbasen i Volda sentrum (gruppe 1 og 2) og i Hornindal (gruppe 3), i tillegg til vikarar ved Folkestadtun omsorgsbustadar.
For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på kr 10.000,- per person.
For personar som har arbeidsstad i Hornindal er stipendet kr 20.000,-. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema.
https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad om kompetansemidlar til utdanning.
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg pleie og omsorg for heimebuande.
- Bistå og tilrettelegge for brukarane sine gjeremål ut frå vedtak og tiltaksplanar.
- Jobbe for at brukarane skal oppleve ein kvardag der behova for tryggleik, meistring og brukarmedverknad vert ivaretatt.
- Vi har ulike stillingsprosentar i turnus, kor du kan arbeide dag, kveld, natt og helg.
Kvalifikasjonar
- Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i heimetenestene.
- Søkjarar må ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
- Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
- Relevant praksis er ynskjeleg
- Arbeid i heimejukepleia krev førarkort klasse B.
- Det vert stilt krav om politiattest for alle som tek til i jobb i kommunal helse- og omsorgsteneste. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Personlege eigenskapar
- Ta ansvar.
- Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur.
- Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig.
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap.
- Vere løysingsorientert og ha gode haldningar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE.
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn, dokumentasjon bør leggast ved søknaden for å sikre effektiv sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at alle søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden.
I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin;
- Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
- Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*).
- Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent.
- Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent
* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.
Tilsettingar vert gjort fortløpande.
Kontaktinformasjon
Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.noJorunn Anne Tomasgard, seksjonsleiar, +47 94 86 72 06, Jorunn.Tomasgard@volda.kommune.no
Ingeborg M.Håskjold, Seksjonsleiar, +47 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no
Vegar Batts, seksjonsleiar, +47 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Dalsfjordvegen 42356120 Folkestad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4897226212
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 31.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 15
- Sted
- Dalsfjordvegen 4235, 6120 Folkestad
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 385269319
- Sist endret
- 17. des. 2024 08:36