Interessert i sommarjobb på Barstadtun eller Fjordsyn omsorgsbustad?

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Interessert i sommarjobb på Barstadtun eller Fjordsyn omsorgsbustad?
Frist
31.03.2025

Beskrivelse

Vi søker etter deg som har lyst på ein
meiningsfull sommarjobb!

I tidsrommet 23.juni til 17. august kan vi
tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar ved Barstadtun eller Fjordsyn
omsorgsbustadar for eldre. Barstadtun har 25 hyblar/ leiligheiter
fordelt på tre bugrupper. På Fjordsyn bur det 32 personar fordelt på tre
bugrupper.
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide
og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad. 

For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby
stipend på 10.000 kr per år. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema,
sjå lenke: https://www.volda.kommune.no/aktuelt/stipend-for-helsefagstudentar-i-volda-kommune.170184.aspx 

Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert
prioriterte. 



Arbeidsoppgåver

Dei fleste bebuarane treng bistand til mange av dagleglivets gjeremål, slik som personleg hygiene, praktisk bistand, hjelp til måltider med meir. Vi treng flest vikarar som kan gå inn i turnus med pleiearbeid, og vi treng nokre som kan utføre reinhald.

Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, det er høve til å arbeide dag, kveld, natt og helg. 

Kvalifikasjonar

  • Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i eldreomsorga
  • Søkjarar bør ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
  • Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis er ynskjeleg
  • Det vert stilt krav om politiattest for alle som tek til i jobb i kommunal helse- og omsorgsteneste. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ta ansvar
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
  • Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
  • Vere løysingsorientert og ha gode haldningar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE.

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 


Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. 


I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin:

  • Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
  • Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*)
  • Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
  • Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent


      * For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.



Tilsettingar vert gjort fortløpande.

 

Kontaktinformasjon

Kirsti Liabø, Seksjonsleiar, +47 94 14 25 15, kirsti.liabo@volda.kommune.no

Lill Kristin Vassbotn, seksjonsleiar, +47 41 40 00 27, lill.kristin.vassbotn@volda.kommune.no

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Dalsfjordvegen 4235

6120 Folkestad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4897268504

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Dalsfjordvegen 4235, 6120 Folkestad
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
385273737
Sist endret
17. des. 2024 08:51