Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Ølen skule
Stillingstittel
Miljørettleiar
Frist
07.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Er du vernepleiar, sosionom eller har anna relevant utdanning eller erfaring? Me treng ein person i 60 % ved Ølen skule, stillinga er ledig frå snarast. Vikariat fram til juli 2025, kan bli forlenga. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Ha medansvar for elevar på ungdomstrinn
  • Kan ha ansvar for å gjennomføre spesialpedagogisk opplegg for elev
  • Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for elev 
  • Anna arbeid kan bli relevant

Kvalifikasjonar:

  • 3 årig relevant høgskuleutdanning som er retta inn mot barn og unge
  • Anna relevant utdanning/erfaring vil bli vurdert (blir då tilsett i annan stillingskode)
  • Det er ønskeleg med kompetanse og eller erfaring i Traumebevisst omsorg
  • Spesialpedagogisk kompetanse eller erfaring er også ønskeleg

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera god på samarbeid 
  • Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
  • Løysningsorientert
  • Omsorgsfull, trygg og forutsigbar

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 330 elevar
  • Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Litlehagen 15, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
385387687
Sist endret
17. des. 2024 12:29