Tecno VVS søker trainee: Økonomi

Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Frist
01.03.2025
Ansettelsesform
Trainee

Beskrivelse

Eit team med stor takhøgde

Arbeidsmiljøet vårt er fagleg sterkt, sosialt og ikkje minst inkluderande. Her er det låg terskel for å dele idear, og alle får høve til å vekse i jobben sin.

Du kan forvente:

  • Variasjon i arbeidsoppgåvene, frå rutineoppgåver til større prosjekt som du sjølv kan påverke.
  • Høve til å forme eigen arbeidskvardag, med plass til både sjølvstendig arbeid og tett samarbeid.
  • Med gode og støttande kollegaer med mykje god(?) humor, får du eit arbeidsmiljø som ikkje berre er lærerikt men også trygt.

Er dette deg?

Er du typen som alltid lurer på korleis ting heng saman, og som likar å grave litt djupare for å finne dei beste løysingane? Kanskje har du eit godt blikk for detaljar, men også evna til å sjå det store biletet? Me ser etter deg som er nysgjerrig og lærevillig, og som ikkje er redd for å stille spørsmål. Du jobbar strukturert og held hovudet kaldt, sjølv når det er mykje som skjer samtidig. Kanskje kan du ikkje alt enno, men det gjer ingenting – me er med deg heile vegen, frå nyutdanna til trygg i rolla!

Me gjev deg:

  • Sjansen til å verkeleg lære om økonomistyring i praksis.
  • Fagleg støtte frå dyktige kollegaer
  • Ei bratt læringskurve som kan skyte fart på karrieren din.
  • Eit trygt og hyggeleg arbeidsmiljø der du får vere deg sjølv.

Vil du utvikle deg som økonom og få innsyn i ein spennande bransje? Send oss ein søknad!

Arbeidsstad: Norheimsund

Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gjev ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.

Sektor
Privat
Sted
Gamle Dalavg. 84, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Prosjektledelse, Konsulent
FINN-kode
385405525
Sist endret
17. des. 2024 02:30