Landbruk og miljø søker

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Landbruk og miljø
Stillingstittel
Rådgivar/sakshandsamar
Frist
21.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eininga landbruk og miljø har ansvar for fagfelta landbruk, klima og miljø. Vi er 10 faste tilsette. Kommunen tilbyr fleksibel arbeidstid og arbeidsstad. Vi er primært lokalisert til Sunnfjord rådhus, i Førde, men har også høve til å jobbe frå kommunens kontor/servicetorg på Sande, Skei og i Naustdal. Vi har godt arbeidsmiljø og tilsette med brei fagleg bakgrunn innanfor landbruk, klima, natur- og miljøforvalting.

Vi har ledig:

Fast 100 % stilling som rådgjevar jordbruk, ved eininga Landbruk og miljø. Arbeidsoppgåver i stillinga vil vere knytt til tilskots-, jordbruk- og miljøforvalting, med hovudtyngd på produksjons- og avløysartilskot, oppfølging av landbruksureining, handsaming av nydyrkingssøknader og liknande. Andre oppgåver innan landbruk- og miljøforvalting vil også kunne vere aktuelle.

Kvalifikasjonar:
  • høgare utdanning, bachelor eller tilsvarande, innan fagområda jordbruk, miljø og/eller forvaltingsrett. Relevant erfaring innan landbruksrådgjeving og/eller offentleg landbruksforvalting kan kompensere for manglande formalkompetanse.
  • du må beherske norsk, munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
Vi søker deg som:
  • har erfaring frå offentleg forvalting
  • beherske nynorsk
  • gode evner til å jobbe strukturert og samarbeide med kollegaer

 

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Annet
FINN-kode
385489199
Sist endret
18. des. 2024 08:58