100% Miljøterapeut stilling, Bømarka
- Arbeidsgiver
- Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
- Stillingstittel
- 100 % miljøterapeut stilling
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med mennesker med ulike utfordringar, og som vil vere med å utvikle og kvalitetssikre tilbodet til brukargruppa.
Stillinga er knytt til seksjon Bømarka, og er organisert under avdeling bu og habilitering i helse og omsorgs sektoren. Bømarka har ansvar for voksne mennesker med ulike utfordingar. Personalgruppa består av engasjerte medarbeidarar som er opptekne av fagleg utvikling og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den enkelte står i fokus.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid med det enkelte brukar
- Delta i daglege aktivitetar med brukarane
- Primærkontakt-/ koordinator oppgåver
- Dokumentere i journal etter gjeldande lovverk
- Fylgje nedskrive prosedyrar, planar og tiltak
- Stille spørsmål og reflektere rundt arbeidet du utfører
- Samarbeide med foreldre og andre instansar
- Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
- Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
- Som vernepleiar ha ansvar for handtering av legemidlar og medisinfaglege prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse og sosialfag, fortrinnsvis vernepleiar, sosionom og barnevernspedagog
- Erfaring med miljøarbeid knytt til brukar gruppa i praksis er ein fordel
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande atferd
- Personlege eigenskapar blir høgt vektlagt
- Førarkort klasse B for manuell gir
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- IKT ferdigheiter
- Tilfredsstillande politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson og ein god rollemodell
- Du må kunne sette grenser, stå i kravsituasjonar, men også kunne ivareta brukarmedverknad
- Du tilpassar din kommunikasjon etter tenestemottakar sitt behov, syner tolmod og er omsorgsfull
- Du må vere spontan, og takle endringar på kort varsel
- Hos oss er du ein lagsepelar, du må vere løysingsorientert, inkluderande og nyskjerrig
- Du evnar å arbeide tett med kollegaer, men må også kunne arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff
- Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø
- Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
- Arbeidsvilkår: Turnus, evn. langvakter
Kontaktinformasjon
Gry Egset Eriksen, Konst, seksjonsleiar Bømarka, 48132243, gry.egset.eriksen@volda.kommune.noReidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Bømarka 86100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4898053575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sted
- Bømarka 8, 6100 Volda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 385533357
- Sist endret
- 19. des. 2024 07:09