Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2
Frist
08.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei 1-årig mellombels stilling (100 %) som forskar utan doktorgrad (kode 1108) med tilsetjing snarast og med moglegheit til forlenging inntil 2 år ved Mohn Senter for Diabetes Presisjonsmedisin.

Stillinga er knytt til senteret sitt arbeid med å finne sjukdomsmekanismar for diabetes-utvikling. Metodar som vert nytta er mellom anna fleire laboratorie-teknikkar innan cellebiologi og i tillegg bruk av musemodellar for å utvikle metodar som vil kunne avdekke mekanismar for korleis pasientmutasjonar årsaker sjukdom. 

Stillinga er knytt til prosjektet "Precision medicine in diabetes: Improving diagnostics and treatment of type 1 diabetes by genetic and mechanistic studies of HNF1B monogenic diabetes“ ved Mohn Forskningssenter for diabetes presisjonsmedisin, PRESIS-DIA, finansiert av Trond Mohn Stiftelse (TMS).


Arbeidsoppgåver:
  • cellekulturar eukaryote og prokaryote
  • transformasjon og transfeksjon
  • forskjellige biologiske analysemetodar
  • protein- og RNA analyser
  • preservering av vev og snitting ved bruk av cryostat 
  • forskjellige immunhistokjemiske metodar
  • qPCR/RT-PCR
  • histologi for lys-, fluorescence- og elektronmikroskopi
  • dyreforsøk
  • førefallande laboratoriearbeid vil også vere ein del av oppgåvene.

Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til undervisning og forsking.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha: 

  • relevant mastergrad
  • erfaring frå arbeid i forskingslaboratorium
  • erfaring med celle- og molekylærbiologi, dyrking av celler (spesielt beta-cellemodellar), cellekulturar, protein-analyser (Western Blotting, ELISA) og ulike biologiske analysemetodar. 
  • erfaring med transaktiverings assay
  • relevant forskingserfaring innan prekliniske eksperimentelle dyreforsøk, der kunnskap om handsaming av relevante forsøksdyr (smågnagarar) er ein føremon.
  • kjennskap til standard og internasjonale retningsliner for tolking av sekvensvariantar
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg 
  • stor arbeidskapasitet, interesse for forsking og vere ansvarsmedviten

Det ein føremon om søkjar har:

  • kjennskap til programmeringsspråk som Python eller liknande 
  • erfaring frå eksperimentell diabetesforsking
  • ønskje om å ta ein ph.d. grad

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Søkjar må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team. 


Vi kan tilby:
  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan diabetes presisjonsmedisin 
  • Løn for tida kr 532 200 brutto pr. år (kode 1108, lønnssteg 54) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

 

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar: 

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under 
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert 
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder 
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av  prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med 
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt 
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB 
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa 
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk 
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette 

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Pål R. Njølstad: pal.njolstad@uib.no eller Simona Chera: simona.chera@uib.no 

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
385611382
Sist endret
19. des. 2024 11:31