Einingsleiar drift og vedlikehald - 100 %

Arbeidsgiver
Tysnes Kommune
Stillingstittel
Einingsleiar drift og vedlikehald
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Tysnes kommune søkjer etter ein positiv og engasjert person, som ønskjer å leia eining drift og vedlikehald.

Eininga me søkjer ny leiar til, har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygg, vegar, kyrkjegardar, avlaupssystem og vassverk. Eininga har tilsaman 20 tilsette og er delt i to avdelingar, der reinhaldsavdelinga har eigen avdelingsleiar. Eininga har ansvar for små og store prosjekt, og har viktige investeringar framover, særskilt innan vatn og avlaup. Samstundes skal ein sikra dagleg drift, vedlikehald og reinhald, og legga til rette for at kommunen leverer eit godt tenestetilbod innanfor fagområda.

Legg inSom einingsleiar har du eit overordna ansvar for eininga og er ein del av kommunalsjef teknisk sitt leiarteam. Du blir ein av to einingsleiarar i teknisk, men skal samarbeida på tvers med einingar innan oppvekst og helse og omsorg.

Me har som mål at Tysnes kommune skal vera eit attraktivt samfunn å bu i, og søkjer ein leiar som tenkjer heilskapleg og har forståing for kor viktig samarbeid og samskaping er for å kunne yta gode og treffsikre tenester.Legg inn generell informasjon om stillingenn informasjon om stillingen


Arbeidsoppgåver
  • Personal-, økonomi- og budsjettansvar.
  • Langsiktig og strategisk planlegging innanfor eininga sine fag-/ansvarsområder.
  • Sikra god drift for kommunale bygg og tekniske anlegg.
  • Saksutgreiing - fagleg og politisk.
  • Kontaktperson for publikum og fagkontakt mellom einingar.
  • Sikra eit godt samarbeid og samspel både i eiga organisasjon og utad.
  • Ivareta strukturert partssamarbeid.
  • Gjennomføra naudsynte endringar som krevst for å oppnå mål.
  • Fleire oppgåver kan bli tillagt stillinga ut frå søkjar sin kompetanse og arbeidsgjevar sine behov.

Kompetanse som er viktig
  • Relevant høgskuleutdanning. Relevant fagkompetanse innan eitt av områda eller relevant erfaring kan kompensera for utdanningskrav.
  • Ønskjeleg med relevant leiarerfaring/-utdanning.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å byggja lag gjennom gode prosessar.
  • God økonomi-, samfunns- og organisasjonsforståing og evne til heilskapleg tenkning.
  • God innsikt i offentleg forvaltning og kjennskap til gjeldande lovverk er ein føremon.
  • Førarkort klasse B.
  • Erfaring med internkontroll og HMS arbeid er ønskjeleg.

Dette ser me etter hos deg

Me søkjer deg som:

  • er trygg i leiarrolla og har eit samlande og tydeleg leiarskap.
  • er god på å motivera, er tydeleg og ivaretakande.
  • er systematisk og strukturert med god planleggings- og gjennomføringsevne.
  • har god gjennomføringskraft, er effektiv og strukturert, og handterar mange oppgåver på same tid.
  • er løysingsorientert og evnar å sjå på tenesteområda i eit heilskapleg perspektiv.
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Kvifor skal du velga oss?

Blir du blir motivert og engasjert av hektiske dagar, der du må løysa oppgåver innan ulike fagområde? Då trur me at du vil trivast hos oss! Hos oss blir du leiar for ei eining med bredt ansvarsområde og for gruppe med godt kvalifiserte og kjekke tilsette. Det er ein spanande og viktig jobb der du vil får eit overordna ansvar for fagområda, må samarbeida på tvers internt, samt med eksterne samarbeidspartnere og entrepenørar.

Du blir tilsett som einingsleiar med personal- og budsjett- og økonomiansvar for drift og vedlikehald. Stillinga ligg til lønskapittel 3.4.2, med løn etter avtale og årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar. Det vert i tillegg gjeve 5 avtaledagar pr år, som kompensasjon for arbeid utanfor ordinær arbeidstid.

Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.

Me veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med høve til å veksla mellom å jobba heimafrå og møtast på kontoret. Me ønskjer fortrinnsvis at tilsette har sin arbeidsstad i arbeidsgjevar sine lokaler, for å sikra samstundes tilstedevære og godt samarbeid. Me kan likevel legga til rette for kombinasjon av heimekontor og fast kontorarbeidsplass når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjera.

Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.


Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming, og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggja til rette for inkluderande rekruttering.


Sektor
Offentlig
Sted
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Ledelse, Ingeniør
FINN-kode
385618524
Sist endret
19. des. 2024 12:06