Leiar for anleggs- og driftsavdelinga

Arbeidsgiver
Ulstein kommune
Stillingstittel
Leiar for anleggs- og driftsavdelinga
Frist
20.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ulstein kommune, teknisk etat søkjer etter leiar av anleggs- og driftsavelinga. Leiaren har ansvar for drift, utvikling og utbyggingsprosjekt for tenestene vassforsyning, avløp, kommunale vegar, hamn og grøntanlegg. Leiaren har omfattande kontakt med innbyggjarar, næringsliv og andre offentelege verksemder i tillegg til medarbeidarar på avdelinga og i organisasjonen elles. stillinga rapporterer til kommunalsjef teknisk og inngår i leiargruppa ved etaten.

Arbeidsoppgåver

  • Leie avdeling med 12 tilsette
  • Økonomistyring
  • Personalansvar
  • Iverksette og gjennomføre utbyggingstiltak innan veg, vatn og avløp
  • Sikre god drift innan tenesteområdet
  • Saksbehandling for politiske organ og oppfølging av vedtak

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning. Til dømes ingeniør/sivilingeniør/master innanfor veg, vatn, avløp, bygg, anlegg og liknande, arkitekt, landskapsarkitekt. Krav om høgskuleutdanning, kan fråvikast for søkar med relevant erfaring 
  • Erfaring frå offentleg eller privat verksemd innanfor fagfeltet
  • Erfaring frå prosjektutvikling og prosjektleiing
  • Kompetanse innan økonomistyring og måloppnåing
  • Førarkort minimum klasse B
  • Evne til relasjonsbygging og personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Omgjengeleg med gode samarbeidsevner
  • Sjølvsendig, strukturert og resultatorientert
  • Du må kunne jobbe godt både åleine og i lag med andre
  • Engasjert, løysingsorientert og innovativ
  • Pågangsmot og evne til å drive prosessar framover

Vi tilbyr

Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av profesonalitet, sterke fagmiljø, tilgang til gode nettverk både innan fag og leiing.

 

Gode offentlege pensjons og forsikringsordningar.

Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Arne Runar Vik, kommunalsjef teknisk, +47 41582440

Arbeidsstad

Sjøgata 63

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune


Referansenr.: 4898624464

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Ledelse, Ingeniør, Prosjektledelse
FINN-kode
385653916
Sist endret
20. des. 2024 12:46