Menighetspedagog / Barne- og ungdomsarbeider - 20 % fast stilling
- Arbeidsgiver
- Vang kyrkjeleg fellesråd
- Stillingstittel
- Menighetspedagog / Barne- og ungdomsarbeider - 20 % fast stilling
- Frist
- 17.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein god tradisjon som menighetspedagog for barn og unge, i fjellkommunen Vang? Me kan tilby kompetanse på fagfeltet, fleksibilitet i arbeidet og godt arbeidsmiljø. Du går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab. Stillinga er ledig, så me ynskjer tilsetting så snart som mogleg.
Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, +47 91158656
2975 VANG I VALDRES
Referansenr.: 4898601462
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 17.01.2025
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av tiltak i tråd med den pedagogiske planen vår
- Samarbeid med sokneråd, stab og frivillige
- Publisering og markedsføring
- Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle oppgåver i arbeidsfellesskapet
Ynskja kvalifikasjonar
- Utdanning og/eller erfaring innanfor pedagogikk og kristendom
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
Personlege eigenskapar
- Du har initiativ og gjennomføringskraft
- Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
- Du har evne til å motivere, inkludere og se frivillige som en viktig ressurs
- Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
Særskilte krav:
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
- Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar
- Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
- I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
- Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd
Me kan tilby
- Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
- Eit godt arbeidsfellesskap
- Løn etter KA’s tariffavtale
- Medlemskap i KLP pensjonsordning
- 6 månaders prøvetid
Spesielle vedtak
Teieplikt etter gjeldande reglar
Personleg eignaheit blir vektlagt
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no
Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, mobil 911 58 656
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter innan 17.januar 2025
Me ynskjer og å informere om at me samtidig lyser ut ei 80% stilling som kontormedarbeider ved kyrkjekontoret, dersom det skulle være aktuelt å søke den stillinga i tillegg, for å fylle stillingsgraden: https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4898593175?link_source_id=0
Vang kommune – ei flott kommune å bu i:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for ein kvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn.
I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock - I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du på nettsida; vangivaldres.no
- Meir info om arbeids - og bumarkedet i Valdres finn du på nettsida; valdres.no/velgvaldres
Kontaktinformasjon
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, +47 90242171Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, +47 91158656
Arbeidssted
Tyinvegen 51752975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang kyrkjeleg fellesrådReferansenr.: 4898601462
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 17.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tyinvegen 5175, 2975 Vang i Valdres
- Stillingsfunksjon
- Annet, Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 385654744
- Sist endret
- 20. des. 2024 07:23