Sjukepleiar på natt i Heimetenesten Skodje - 2 x 73,23 % stilling

Arbeidsgiver
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar på natt i Heimetenesten Skodje - 2 x 73,23 % stilling
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I distriktet Skodje, har vi ledig to faste stillinger på natt i heimetenesten; 2 x 73,23%. Arbeid kvar 3.helg. Oppstart i februar og april. Dersom det er ønskelig med todelt turnus natt og dag/kveld, kan stillingsprosent aukast opp.  

Heimetenesta består av heimebuande i distriktet Skodje, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert i 1etg på Skodje omsorgssenter.
I same bygg har ein både fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsleiligheiter,
kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og institusjonskjøkken.

Heimetenesta har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter. Dette inkluderer Ådalen allé, som er omsorgsleiligheter med heildøgns omsorg.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krev høg fagleg
kompetanse. Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester i
brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk
utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å
bu trygt heime.

I tenesta blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og
meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes,
Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og
kultur, kor osv.


Arbeidsoppgåver

  • Behandling og pleie av heimebuande, både i privat heim og i omsorgsbustader. Varierande grad av omfang i tenesta. Varierer frå lette oppgåver til meir avanserte sjukepleiefaglege oppgåver.
  • Sjukepleieoppgåver, både administrative og prosedyrar i direkte kontakt med pasientar
  • Administrative oppgåver.
  • Bruk av velferdsteknologisk utstyr, til dømes GPS, medisindispenser, RoomMate og tryggheitsalarmar.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Det stillast krav om norske språkferdigheter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • Førarkort manuell klasse B

Personlege eigenskapar

  • Positiv og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode evner til sjølvstendig arbeid. Vi reiser hovudsakleg ut til brukarane sjølvstendig, men må også i enkelte situasjonar arbeide i team
  • Du likar utfordringar og tek initiativ til å løyse dei
  • Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrar
  • Du er med på å skape eit godt og profesjonelt fagleg miljø i avdelinga
  • Erfaring/kjennskap til velferdsteknologiske løysingar er ein fordel
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjonsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø med takhøgde og plass til alle
  • Eit spanande arbeid med rom for fagleg utvikling
  • Fagleg dyktige kollegar som gjer kvarande gode

Kontaktinformasjon

Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Mariann Ødegård, Avdelingsleiar Skodje heimeteneste, 970 62 140, mariann.odegard@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Ådalsbakken

6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune


Referansenr.: 4897070461

Stillingsprosent: 73,23%

Fast

Søknadsfrist: 12.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Ådalsbakken, 6260 Skodje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
385709937
Sist endret
20. des. 2024 07:09