Avdelingsleiar Haram bustadar 2

Arbeidsgiver
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar Haram bustadar 2
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ein engasjert og nytenkjande avdelingsleiar som er oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling i 100% fast stilling. Som avdelingsleiar vil arbeidsstad vere delt mellom Brattvåg og Solbakken bukollektiv.

Haram bustadar blir frå 2025 delt inn i 3 avdelingar. Haram bustadar 1 består av bustadar, Haram bustadar 2 består av bustadar, Solbakken bukollektiv  og dagsenter. Avdeling 3 består av barnebustad og barneavlastning. Som avdelingsleiar vil du jobbe i team ilag med dei 2 andre avdelingsleiarane og med tenesteleiar.  Vi gir i hovudsak tenestar til mennesker med diagnose utviklingshemming. Butenesta er opptatt av å gi gode tenester til tenestemottakarane og skape eit godt arbeidsmiljø for tilsette.

Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som avdelingsleiar skal du vere med å lede dette arbeidet. 

Stillinga er ledig frå 3. mars -25, eller etter avtale.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Mellomleiar med ansvar for dagleg, fagleg drift og personalansvar
  • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna kommunale føringar
  • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde
  • Legge til rette for ein god dialog med tenestemottakarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i kommunen
  • Legge til rette for eit godt samarbeid og skape aktive og motiverte tilsette

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie, vernepleie eller anna 3-årig helse eller sosialfaglig u/h-utdanning. 
  • Vidareutdanning i leiing/villig til å ta vidareutdanning i leiing
  • Erfaring som leiar er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
  • Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Vere engasjert i fag og leiing
  • Evne til sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid
  • God kjennskap til og forståing for kommunen sine oppgåver
  • Løysingsfokus og høg gjennomføringsevne
  • Kunne sette deg raskt inn i nye oppgåver
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å skape tillit, lytte og til å vere til stades
  • Fleksibel, nytenkande og løysningsorientert
  • Evne til å bygge nettverk, gode samarbeidsevner og like å jobbe i team
  • Trivast å jobbe med mennesker og like å veilede andre
  • God arbeidskapasitet.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt. 

Vi tilbyr

 
  • Fleksitid
  • Eit godt og engasjert fagmiljø der vi er opptekne av utvikling og velferdsteknologi
  • Eit godt samarbeidsklima i leiarteamet
  • Ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommuneorganisasjon
  • Lønn etter avtale
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Ulvestadvegen 6

6265 vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4895398515

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 03.03.2025

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Ulvestadvegen 6, 6265 Vatne
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
385724150
Sist endret
20. des. 2024 08:12