Bustadkoordinator

Arbeidsgiver
Giske kommune
Stillingstittel
Bustadkoordinator
Frist
10.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du innovativ og løysingsorientert og likar å jobbe med samhandling? Då kan du vere den vi ser etter!

Giske kommune søker etter bustadkoordinator i 50 % fast stilling med oppstart 01.02.25. I denne stillinga får du vere med på å bygge opp og vidareutvikle system for bustadsosialt arbeid i eining Samhandling og koordinering i kommunedirektøren sin stab. 

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. 


Arbeidsoppgåver

  • Bustadsosialt arbeid
    -Forvaltning av kommunale gjennomgangsbustader
    -Leie bustadsosialt team
    -Behandling av søknader om kommunal gjennomgangsbustad
    -Koordinere arbeid med individuelt tilpassa bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden
  • Innføring av Kobo (digital teneste for bustadsosialt arbeid)
  • Saksbehandling av søknader om startlån / tilretteleggingstilskot

Stillinga er nyoppretta og arbeidsoppgåvene vil vere dynamiske og i utvikling

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant høgskule- og/eller universitetsutdanning
  • Erfaring med og kompetanse på bustadsosialt arbeid
  • Erfaring med og kompetanse på rettleiings- og koordineringsarbeid
  • God digital kompetanse
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunnskap om relevant lovverk
  • Må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil ved behov

Du må ha interesse for å jobbe med gode digitale løysingar som kan vere med på å utvikle tenestene våre. Det er ein fordel med erfaring frå saksbehandling. 

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Positiv og engasjert
  • Stor arbeidskapasitet
  • God relasjonskompetanse
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og systematisk
  • Sjå samanheng og heilskap
  • Nytenkande og trygg i arbeid med utvikling av nye bærekraftige tenester

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og kollegaer med god kompetanse og erfaring
  • Godt tverrfagleg samarbeid i ein utviklingsorientert kommune
  • Fleksitidordning
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP

Synes du dette høyres interessant ut? Ta kontakt for utfyllande informasjon om stillinga.

Kontaktinformasjon

Merethe Kristin Våge, Stabsleiar, +47 90080293

Arbeidsstad

Valderhaug 4

6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune


Referansenr.: 4898268953

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 10.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Rådgivning, Koordinering
FINN-kode
385724861
Sist endret
20. des. 2024 08:21