Driftseiningsleiar - ledig vikariat som seksjonsleiar ved eventuelt internt opprykk

Arbeidsgiver
Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, Møre og Romsdal po
Stillingstittel
Driftseiningsleiar - ledig vikariat som seksjonsleiar ved eventuelt internt opprykk
Frist
03.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig eit vikariat som leiar av Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) i Møre og Romsdal politidistrikt, med lengd på inntil eit år. Ved eit eventuelt internt opprykk kan det også bli ledig stilling som seksjonsleiar ved FEFE.

I stillinga som driftseiningsleiar for FEFE får du eit overordna fag- og koordineringsansvar for etterretning, kriminalitetsførebygging og etterforsking i politidistriktet og skal sikre at førebygging blir integrert i politiet sitt strategiske arbeid.

Den vi ser etter har høg integritet, evne til å vidareutvikle medarbeidarar og god gjennomføringsevne. Vi ser etter deg som set retning, skaper oppslutning om mål og gjennomfører nødvendige endringar. Som leiar i politiet skal du oppnå resultat på alle område, i dagleg drift og ved kriser.

FEFE består av fire seksjonar: Seksjon for Statens Barnehus, seksjon for førebygging, seksjon for etterretning og analyse, og seksjon for etterforsking. Vi har medarbeidarar fordelt på fleire lokasjonar i politidistriktet. Eininga har fagansvar for etterretning, førebygging og etterforsking, som mellom anna inkluderer førebygging, etterretning og analyse, etterforsking av grov vald og seksuelle overgrep, organisert kriminalitet og økonomi- og miljøkriminalitet, kriminalteknikk, felles straffesaksinntak og digitalt politiarbeid.

Arbeidsstad for stillinga er Ålesund. Du må pårekne ein del reiseverksemd.

Vi ber om at du i søknaden opplyser kva arbeidsstad du ønskjer. Vi ber deg også oppgi om du søkjer på vikariat som driftseiningsleiar, på eventuelt ledig vikariat som seksjonsleiar, eller begge deler. 


Arbeidsoppgåver

Driftseiningsleiar:

Hovudoppgåver

  • Vareta fagmyndigheitsrolla (metode, kvalitet, rettleiing, fagutvikling, tilsyn) innanfor ansvarsområdet
  • Ha funksjon som politidistriktet sin etterretningsleiar, og leiar av distriktet sitt førebyggande arbeid og etterforsking
  • Sørgje for høg kvalitet, effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing i tenesteproduksjonen
  • Utvikle eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit
  • Sikre ei heilskapleg styring av etterretning, bruke verksemdsanalyser og erfaringslæring slik at dette inngår som grunnlag for tiltak
  • Sikre at førebygging blir integrert i politiet sitt strategiske arbeid

Andre oppgåver

  • Innføre og vareta god fagleg dialog med geografiske og funksjonelle driftseiningar, og følgje opp deira samhandling med kommunar og andre lokale samfunnsaktørar innanfor ansvarsområdet
  • Sørgje for effektiv bruk av teknologi som vil lette det daglege arbeidet og understøtte gode arbeidsprosessar
  • Sørgje for effektiv og einskapleg kommunikasjon (felles bodskap) og oppfølging av aktuelle saker
  • Bidra aktivt i leiargruppa, følgje opp leiargruppa sine avgjerder og setje i verk vedtekne endringar
  • Sørgje for at tilsette varetek vernet av informasjonen, materiellet og objekta til politidistriktet ved å erkjenne og etterleve gjeldande tryggingsinstruksar og -prosedyrar
  • Budsjett-, resultat- og personalansvar i eiga funksjonelle eining


Seksjonsleiar ved evt. opprykk:

  • Dagleg leiing av seksjonen med delegert personal- og resultatansvar
  • Organisere og leie fagområdet i tett samhandling med funksjonelle og geografiske driftseiningar
  • Sette retning og skape resultat og felles måloppnåing i samhandling med andre  
  • Sikre gjennomføring av overordna styringssignal og føringar som skal utførast på seksjonen
  • Leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og ta ansvar for systematisk forbetringsarbeid
  • Sikre eit helsefremjande arbeidsmiljø gjennom dialog og samarbeid (HMS og internkontroll)
  • Utvikle godt medarbeidarskap, samarbeid, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit ved seksjonen 
  • Vere kontaktperson for felles etterforskingseining både internt og eksternt
  • Sørgje for at dei faglege oppgåvene som er tillagt seksjonen blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • Sørgje for at tilsette varetek vernet av informasjonen, materiellet og objekta til politidistriktet ved å erkjenne og etterleve gjeldande tryggingsinstruksar og -prosedyrar
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

For driftseiningsleiar:

Nødvendig:

  • Politi(høg)skule eller anna relevant utdanning minimum på bachelornivå
  • Minimum tre års leiarerfaring
  • God forståing for og/eller erfaring frå kriminalitetsnedkjemping, både i det førebyggande og reaktive arbeidet
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar

 
Ønskjeleg:

  • Relevant leiarutdanning
  • Erfaring frå å leie endrings- og utviklingsprosessar
  • Utdanning i eller erfaring frå etterretningsleiing
  • Kunnskap om kriminalitetsførebygging, etterretning og etterforsking
  • Juridisk/politifagleg kompetanse som supplerer krav til utdanning  

 

For seksjonsleiar:

Nødvendig:

  • Politi(høg)skule, juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • Relevant erfaring innan straffesaksbehandling
  • Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Brei politifagleg erfaring 
  • God kompetanse innan etterforsking og etterforskingsleiing
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • Kunnskap om HMS-arbeid, eller at slik kompetanse opparbeidast innan avtalt tid etter tilsetjing
  • Kunnskap om lov- og regelverk knytt til straffesaksbehandling
     

Ønskjeleg:

  • Vidareutdanning innan etterforsking og etterforskingsleiing
  • Utdanning innan organisasjon og leiing og/eller leiarerfaring
  • God kunnskap om og ferdigheiter i bruk av politiet sine datasystem/arbeidsverktøy. Spesielt relevant er god kjennskap til sentrale IKT-system innan etterforsking
  • Erfaring med leiing av endrings- og utviklingsprosessar


For begge stillingar gjeld kravet om plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Ein må også kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetsloven. 

Personlege eigenskapar

  • Resultatorientert og god gjennomføringsevne
  • Evne til å sette retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre. 
  • Godt heilskapleg blikk og evne til strategisk og langsiktig arbeid.
  • God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Samfunnsorientert og har forståing av eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
  • Medarbeidarorientert og har evne til å motivere og utvikle medarbeidarane

Som tilsett i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • Midlertidig stilling som driftseiningsleiar blir lønna som politiinspektør (stillingskode 0290), frå kr. 1 055 000 -  kr. 1 173 100 brutto per år
  • For stillinga som driftseiningsleiar gjeld særavtale for arbeidstakarar med uregulert arbeidstid
  • Midlertidig stilling som seksjonsleiar ved eventuelt opprykk vil ha stillingskode 0326 med funksjonstittel politiavdelingsleiar og blir lønna frå kr. 759.100 til kr 870 900 brutto per år
  • For stilling som seksjonsleiar gjeld særavtale om arbeidstidsbestemmelser for politiet (ATB)
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • Bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Ingar Bøen, Politimeister, 70 11 87 00

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt


Referansenr.: 4895142868

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 03.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
385733150
Sist endret
20. des. 2024 09:42