Avdelingsleiar Forebygging og rehabilitering
- Arbeidsgiver
- Helse og omsorg, Vanylven kommune
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar Forebygging og rehabilitering
- Frist
- 12.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vanylven kommune har ledig vikariat som avdelingsleiar i forebygging og rehabilitering. I denne avdelinga har vi tenestar for psykisk helse og rus, fysioterapi og ergoterapi, hjelpemiddelformidling og dagtilbod/gruppetilbod tilknytta tenestane. Frå 2025 utvider vi tenesta innan psykisk helse, til å også omfatte barn og unge.
Som leiar i forebygging og rehabilitering blir du eindel av eit sterkt fagleg miljø, med engasjerte medarbeidarar som brenn for å levere gode tenester til innbyggarane i kommuna.
Stillinga er på deltid og du vil kunne samarbeide med leiar-ressurs med erfaring i avdelinga.
Har du lyst på ein gjevande jobb, der du får moglegheit til å være med å vidareutvikle avdelinga saman med kjekke kollegaer er du velkommen til å søkje hos oss!
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar skal ha det faglege og administrative ansvaret innanfor avdelinga sine rammer. Avdelinga har til saman ca 10 årsverk. Forebygging og Rehabilitering er ei tverrfagleg avdeling med samansatte tenester, avdelingsleiar skal bidra til å vidareutvikle tenesta for å kunne gi kommunen sine innbyggjarar eit godt tilbod i dag og i framtida.
- Drift og personalansvar
- Økonomiansvar
- Fagansvar
- Delta i tenestetildeling
- Tverrfagleg arbeid
- Internkontroll
- Sjukefråværsoppfølging
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå er ønskeleg
- Erfaring frå leiingsrelatert arbeid er ønskeleg
- Evne til god økonomistyring
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
- Beslutningsevner
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg leiar som er positiv, trygg og engasjert i rolla
- Du evnar å motivere og vidareutvikle dine medarbeidarar
- Du balanserar strategisk tankegang med fokus på dagleg drift
- Du er sjølvstendig, har god samarbeidsevne, fliksibilitet og du likar ein variert og utfordrande kvardag.
Vi tilbyr
- Godt og fagleg aktivt miljø med engasjerte medarbeidarar
- Fagleg utvikling
- Lønn etter avtale og villkår
- Viser til lønnspolitisk plan der du finn gode vilkår
- Nedbetaling av studielån med 15% inntil 28 000 p år, for tilsette i høgskulegruppa som bur eller flyttar til kommune.
- Vi har fokus på kvalitetsarbeid og forbetring av tenestane
- Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Karoline Lundås, Kommunalsjef Helse og omsorg, +47 90870942, karoline.lundas@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Reitebakkvegen 236143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4895001680
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.02.2025
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 12.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Helsepersonell
- FINN-kode
- 385740419
- Sist endret
- 20. des. 2024 10:57