Vil du bli musikkterapeut ved Folgefonn DPS?

Arbeidsgiver
Valen sjukehus
Stillingstittel
Musikkterapeut
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du være med på å bygge opp et musikkterapitilbud ved Folgefonn DPS?

Er du lidenskapeleg oppteken av faget ditt, likar å engasjere deg, deler raust av kunnskapen din, og verdset eit godt arbeidsmiljø? Då er det nettopp deg me søkjer som vår nye musikkterapeut!

Me har ledig ein nyoppretta, fast 50% stilling som musikkterapeut, organisert i gruppepoliklinikken.

Vi har som mål å ha høg fagleg kompetanse og at fagpersonane deltek aktivt i fagleg utvikling. Folgefonn DPS nyttar mange ulike behandlingsmetodar, både individuelt og i grupper, og me ønskjer å utvide vårt behandlingstilbod med musikkterapi i tråd med nasjonale føringar. Folgefonn DPS er via Klinikk for psykisk helsevern og rus tilknytt Polyfon-nettverket.

Folgefonn DPS gir tenester på spesialistnivå til vaksne over 18 år. Me legg vekt på godt samarbeid og samhandling, både internt i føretaket og ut mot kommunehelsetenesta. Opptaksområdet vårt omfattar personar busett i kommunane Ullensvang og Kvinnherad, og noko reiseverksemd mellom kommunane må påreknast.

Teamet vårt har brei tverrfagleg kompetanse i alle einingane, med overlege, psykologspesialistar, psykologar, klinisk sosionom, spesialsjukepleiarar og -vernepleiarar, fysioterapeut og fagarbeidarar med brei erfaring. Me har ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med to lokasjonar, i Odda og Valen. Det polikliniske tilbodet omfattar også treningspoliklinikk, TSB-poliklinikk og gruppepoliklinikk med blant anna musikkterapi og hesteassistert terapi. I tillegg har me ein open Døgnpost på Valen med 12 plassar, som har akuttfunksjon, brukarstyrt innlegging og elektiv innlegging for utgreiing og behandling av personar med ulike psykiske lidingar.

Ikkje nøl med å ta kontakt eller sende inn søknaden i dag! Me gler oss til å høyre frå deg.


Arbeidsoppgåver

  • Tilretteleggje og gjennomføre det musikkterapeutiske tilbodet, både med individuell behandling og gruppetiltak.
  • Bidra som ein del av tverrfaglig behandlingsteam.
  • Dokumentasjonssarbeid, journalføring og anna oppfølging av pasientar.
  • Deltakelse på relevante samarbeidsmøter og andre møter som angår pasientane.
  • Deltakelse på behandlings- og personalmøter, evt kurs og liknande.
  • Veilede og rådgi samarbeidsparter, ta imot henvendelser og organisere tilbud.
  • Kontinuerlig evaluering av tilbudet i samråd med team og leiing
  • Tverrfagleg samarbeid i avdelinga, samt på tvers av avdelingar og virksomheter.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent 5-årig utdanning i Musikkterapi
  • Erfaring frå arbeid med personar med utfordringer innan psykisk helse. 
  • Allsidig musikkterapeutisk kompetanse
  • Erfaring med digitale hjelpemiddel som rytmeinstrument og PC med diverse digitale musikkprogramvarer.
  • Må ha nordiske språkkunnskapar skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner og egnethet med henhold til relasjonsarbeid og evne til fagleg refleksjon
  • Evne til samarbeid og formidling av kunnskap internt og eksternt.
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig.
  • Kreativ, nytenkjande og fleksibel og gode samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team.

Vi tilbyr

  • Nyansatt får fadder og klinisk rettleiar.
  • Dagstilling, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
  • Eit utfordrande og spennande flerfaglig arbeidsfelt i utvikling.
  • Arbeid i tverrfaglege team.
  • Gode rammer for kompetanseutvikling.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.

Kontaktinformasjon

Erlend Hellingsrud , Poliklinikkleiar , 952 56 269, erlend.hellingsrud@helse-fonna.no

Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, +47 53 46 64 12, hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 13

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4895623572

Stillingsprosent: 50%

Fast

Startdato: 01.02.2025

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 13, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Psykolog, Sykepleier
FINN-kode
385742173
Sist endret
20. des. 2024 11:32