Helsepersonell Måløy Miljøteneste
- Arbeidsgiver
- Kinn kommune
- Stillingstittel
- Helsepersonell Måløy Miljøteneste
- Frist
- 06.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Måløy Miljøteneste består av ambulante tenester, team og avlastningsbustad for barn og dagsenter for Måløy miljøteneste. Vi har ledig 100 % vikarstilling for sykepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeider. Vi yter tenester som rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp. Brukarane har ulike behov, og vi har fokus på individuell tilrettelegging og brukermedverknad. Vi har årsturnus i eininga, og du vil jobbe vakter på dag, kveld og helg. Stillingen innebefatter vakter i ambulant, dagsenter for Miljøtenesta og avlastningsbolig for barn. Det er høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar mot ekstra kompensasjon. I miljøtenesta har vi fokus på eit best mogeleg arbeidsmiljø for våre medarbeidarar, og vi er opptatt av å utvikle tenesta i tråd med nasjonale føringar for morgondagens omsorg.
Arbeidsoppgåver
Utføre brukerretta pleieoppgåver, miljøarbeid, tilrettelegging og rettleiing etter gjeldane kvalitetskrav.
Sikre god dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningsliner.
Tverrfagleg samarbeid.
Samarbeid med pårørande.
Bruk av kliniske verktøy.
Oppfølging, kartlegging og vurdering av pasientar i samarbeid med sjukepleiar/vernepleiar.
Faglege prosedyre. Systematisk etisk refleksjon i gruppe.
Rettleiing av lærlingar, medarbeiderar og andre.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som er Off.godkjent sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar. Personer som har et ønske om å ta fagbrev i helsefag kan også søke.
Det er viktig at du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Du må også ha norskkompetanse på B1 eller B2 nivå, både muntleg og skriftleg
Du liker varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, forbedringsarbeid, samt behersker dei vanlegaste IKT-verktøy som til dømes word/excel/e-post/internett.
Du må like å arbeide sjølvstendig og i team.
Har gyldig arbeids- og oppholdstillatelse.
Vi jobber ambulerende, så det er et krav at du har førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som at du er fagleg engasjert, omsorgsfull og ansvarsbevisst.
Du er strukturert og har fokus på etikk, og deltar i systematisk etisk refleksjon saman med kollegaer.
Samarbeidsevnene dine er gode, og du er positiv, selvstendig, fleksibel og løysningsorientert.
Du har godt humør og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Du liker å lære bort og rettleie kolleger, lærlingar og andre.
Vi tilbyr
Vi har godt tverrfagleg samarbeid, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta mellom anna med kompetanseutvikling.
Måløy miljøteneste har årsturnus, med mulighet for å komme med ønsker.
Det legges til rette for at du skal kunne ta relevant etter- og vidareutdanning.
Vi har engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø.
Vi har intern opplæring, mentorordning og fagøkter.
Vi har fokus på etisk refleksjon og tilrettelegg for systematisk etisk refleksjon i gruppe.
Kinn kommune har god pensjonsordning og kompetanse lønnsstige.
Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus får ekstra tillegg på 30 000 kr. per år.
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før oppstart i stillinga.
Kinn kommune har 6 måneder prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli før opp på søkjerlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Rakel Garnes, Tenesteleiar Måløy avlastning, +47 41922879Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4898915230
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 06.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gate 1 64, 6700 Måløy
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 385756773
- Sist endret
- 20. des. 2024 01:10