Er du vår nye leiar for felles tenestekontor ? 

Arbeidsgiver
FOT-Felles eining for operativ teneste, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Seksjonsleder Felles tenestekontor ( FTK)
Frist
19.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, er det ledig ei fast stilling som politiinspektør SKO 0290 med funksjon som leiar av felles tenestekontor. Stillinga er organisatorisk plassert som stabsfunksjon under driftseiningsleiar på FOT.

Felles tenestekontor (FTK) er politidistriktet sin sentrale utøvande funksjon for heilskapleg og kontinuerleg
arbeidsplanlegging og ressursdisponering av alle operative ressursar. FTK skal ta vare på politidistriktet
sitt kontinuerlege behov for heilskapleg ressurs- og kompetanseoversikt. FTK skal sikre at tenesta utførast
med rett kompetanse på rett stad på ein kostnadseffektiv måte. FTK har ansvar for fag- og
metodeutvikling, kvalitetssikring, statistikk og analyse. I den operative staben til politimeisteren bekler FTK
rolla som P1 (personell).

Vi søkjer deg som er motivert til å vidareutvikle norsk politi til eit kompetetent og effektivt politi. Arbeidet
skal vere i takt med samfunnsutviklinga med bruk av moderne verktøy og arbeidsmetodar.Som leiar i politiet skal du oppnå resultat på alle område, i dagleg drift og ved kriser. Vi ser etter deg som set retning, skaper oppslutning om mål og gjennomfører naudsynte endringar.

Leiar av felles tenestekontor  vil vere ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for operativ teneste, saman med fire andre seksjonsleiarar og stabssjef som er nestkommanderande ved eininga.

Grunnpreget i stillinga kan bli endra som følgje av organisasjonsendringar.

Stillinga er stadsplassert i Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar for FTK
  • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved FTK  spesielt og i organisasjonen generelt
  • Medverke til at fagområdet inngår i politiet sitt strategiske arbeid og verksemdsplanleggjing
  • Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
  • Følge opp strategiske beslutningar og iverksette/ beslutte endringar innan eiga fagområde
  • Som leiar av seksjonen skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved seksjonen.
  • Bidra til god samhandling med andre interne og eksterne aktørar
  • Ansvarleg for koordinering av arbeidsplanlegging, samhandling og ressursdisponering for mannskap i
    Vest pd
  • Ansvar for oppfølging og utforming av tenesteplanlegging og tenesteinstruks slik at dette er i samsvar
    med gitte føringar
  • Ansvarleg for utvikling og oppfølging av administrative rutinar, samt oppfølging i TTA (sanntidsføring)
  • Følgje opp kontroll- og rapporteringskrav
  • Gje rettleiing og opplæring i avtaleverk og TTA for distriktet
  • Ansvarleg for å ha oversikt over politidistriktet sin operative kapasitet med omsyn til ressursar og
    kompetanse i samhandling med operasjonssentralens operative leiar
  • Utvikle system for hensiktsmessig arbeidsplanlegging som reduserer overtid og avvik
  • Vere rådgjevar i samband med arbeidsplanlegging ved spesielle hendingar og delta i stabsarbeid
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål fra politiskule/politihøgskule eller relevant utdanning på bachelor-nivå
  • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis frå universitet eller høgskule
  • Leiarerfaring blir vektlagd og kan i særskilde tilfelle kompensera for manglande leiarutdanning
  • God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
  • Kunne vise til gode resultat i tidlegare stillingar
  • Kunnskap og erfaring innan HMS
  • God skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk
  • God IT- og systemkompetanse

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Den som blir tilsett må kunna klarerast og autoriserast for HEMMELEG   

Ønskeleg:

  • Erfaring frå å leie omstillings-, endrings- og utviklingsprosessar blir vektlagt
  • Kunnskap om politiet sitt planleggings- og styringsverktøy blir vektlagt
  • Kunnskap om virksomhetsregulerande lover, intrukser og interne rutinar er ein fordel 
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg regelverk er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar, med evne til å vise god personalomsorg, sette retning, drive endring og motivere sine medarbeidarar
  • Evne til handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
  • Vere mål- og resultatorientert med god gjennomføringsevne
  • Arbeide analytisk, sjølvstendig og systematisk
  • Gode kommunikasjonsevner og vere ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt.

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:
https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/  

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politien i framtida
  • Stillinga blir lønna som som politiinspektør SKO 0290 frå kr. 950 000,-  brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no )

 

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr24/286574

Kontaktinformasjon

Kjetil Rekdal, 97 58 41 31, kjetil.rekdal@politiet.no

Spørsmål om elektronisk CV/ Søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidsstad

Nesttunbrekka 95

5221 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vest politidistrikt


Referansenr.: 4895627134

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 19.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Nesttunbrekka 95, 5221 Nesttun
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
386088042
Sist endret
24. des. 2024 07:37