Performance Marketing Specialist
- Arbeidsgiver
- Sylvsmidja
- Stillingstittel
- Performance Marketing Specialist
- Frist
- 12.01.2025
Beskrivelse
Me søkjer Performance Marketing Specialist
Brenn du for ny teknologi, digital marknadsføring og finn motivasjon i å jakta på best mogleg ROI?
Då kan det vera deg me ser etter som vår nye Performance Marketing Specialist.
Du er analytisk, resultatorientert og set innsikt og data i sentrum av arbeidet ditt. Med ei strukturert tilnærming og eit skarpt auge for detaljar, jobbar du effektivt og målretta.
Som person er du ein initiativrik lagspelar som ser moglegheiter i utfordringar. Du nyttar kunnskapen din på tvers av fagområde og vert motivert av å vera ein del av eit stort arbeidslag, der godt samspel er nøkkelen til å løysa oppgåver.
Ditt hovudansvar er å driva relevant trafikk og konvertering via ulike annonseplattformar, og samarbeida tett med marknadssjef, digital marknadsførar, byrå og andre eksterne partnarar.
Oppgåver- Fordeling av budsjett for å sikra gode, kostnadseffektive kampanjar.
- Planlegging, utvikling og optimalisering av nasjonale og internasjonale kampanjar på Google Ads og andre annonseplattformar.
- Planlegging, utvikling og optimalisering av ulike annonsetypar for både nasjonale og internasjonale kampanjar, særleg gjennom Google Ads, men også andre annonseplattformar.
- Overvaking, analysering og rapportering av kampanjeresultat med fokus på mål og forbetringspotensial.
- Bidra med søkeordanalyse, SEO-tiltak og optimalisering for synlegheit i KI-søk.
- Bidra med relevant innsikt til arbeid med marknadsplanar og kampanjestrategi
- Utvikling og implementering av KI-drivne løysingar for effektivisering av arbeid og forbetring av resultat.
- Andre marknadsoppgåver etter behov.
- Har solid erfaring med spekteret av Google Ads, Merchant Center, GTM, GA4 og Meta Business Suite.
- Kan skriva engasjerande annonsetekstar som treff målgruppa, både på norsk og engelsk.
- Forstår krafta av SEM og veit korleis du kan få merkevara vår til å blenkja gjennom heile kundereisa.
- Er teknologisk nysgjerrig, ivrig på å halda deg oppdatert og likar å testa ut nye metodar og løysingar.
- Det er ein føremon om du meistrar nynorsk då me nyttar denne målforma i all marknadskommunikasjon.
- Jobbar sjølvstendig, men har samstundes evne til å byggja gode relasjonar og dela kompetanse med andre.
- Har du andre relevante erfaringar eller kvalifikasjonar som kan styrka rolla? Då vil me gjerne høyra om det.
- Fast jobb i ei solid verksemd med stolt historie og fokus på innovasjon.
- Ein spanande arbeidskvardag med kjekke kollegaer og varierte oppgåver med både nasjonalt og internasjonalt fokus.
- Rom for kompetanseutvikling
- Konkurransedyktige løn og vilkår
- Arbeidsstad i aktivitetsbygda Voss
Har du spørsmål? Ta kontakt med marknadssjef, Maria Liv Gjerstad: e-post: maria.gjerstad@sylvsmidja.no / mobil: 99715852
Send søknad med CV på e-post til: maria.gjerstad@sylvsmidja.no via "søk på stilling" knappen på denne siden innan 12. januar 2025.
- Sektor
- Privat
- Sted
- 5704 Voss
- Stillingsfunksjon
- Markedsfører, Analyse
- FINN-kode
- 387067719
- Sist endret
- 02. jan. 2025 07:07