Kom med på laget! Vi søkjer helsefagarbeidar 75 % og 100% på somatisk langtidsavdeling!

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Kom med på laget! Vi søkjer helsefagarbedar 75 % og 100% på somatisk langtidsavdeling!
Frist
10.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  Me søkjer helsefagarbeidarar til ein fast 75 % og 100 % stilling, samt eit svangerskapsvikariat på 100%. Det kan være moglegheit for eventuelt vikariat i stillingane. Stillingane har ordinær todelt turnus med arbeid kvar 3. helg, mens vikariatet har langvakter med arbeid kvar 4. helg. Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har starta med sjukepleiarteam. Som helsefagarbeidar har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og  dagleg drift av gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar og me planlegg kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver/ansvarsområder.  


Arbeidsoppgåver
  • Yte fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientar med somatisk behov
  • Observasjon og vurdere pasientens helsetilstand
  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
  • Målretta miljøarbeid.
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Bruk av digitale plattformer og journalsystem
  • Primærkontaktoppgåver

     

     

     


Vi tilbyr deg
  • Ei spanande og gjevande stilling
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Kvalifikasjonar
  • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
  • Erfaring frå pleie og omsorg er ein fordel, men ikkje eit krav 
  • Interesse for arbeid med eldre og forståing av deira behov
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjøvstendig.
  • Grunnleggjande IT- Kunnskaper for bruk av digitale plattformer og journalsystem
  • Fleksibel og løysningsorientert med fokus på kvalitet i arbeidet
  • Relevant vidareutdanning er ein fordel

Kven er du?
  • Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 
  • Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
387893048
Sist endret
06. feb. 2025 01:24