Off. godkjent vernepleiar/sjukepleiar 

Arbeidsgiver
Ørsta kommune, Bu og Habilitering
Stillingstittel
Off. godkjend vernepleiar/sjukepleiar
Frist
20.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du på jakt etter nye utfordringar? Vil du vere ein del av dei nye helse- og omsorgstenestene?

I Ørsta kommune, tenesteområdet bu og habilitering, har vi frå dags dato ledige stillingar som vernepleiar/sjukepleiar frå 90-100% stilling på våre to avdelingar.

  • Dalevegen 30-32. Bustadar og avlastning for barn og unge (opp til 18 år) med funksjonsvariasjonar
  • Bakk-Ola-marka. Bustadar og utetenester for personar med funksjonsvariasjonar

Tenesteområdet bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng tenester i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og behov, som likar å jobbe med varierte oppgåver i team og sjølvstendig.
Avdelingane i bu og habilitering har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du kan få moglegheit til å gå langvakter på helg og i vekene. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning, ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt og god balanse mellom arbeid og fritid. Stillingsprosent kan aukast opp til 100 % i årsturnusperiodene. 
Tenesteområdet har hatt ei auke i oppdrag siste åra noko som gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Tenesta har eit stort fokus på fag og den enkelte brukar si utvikling og behov. Vi søkjer etter deg som kan vere med å bidra inn i eit godt fag- og arbeidsmiljø, har godt humør og ståpåvilje.

På dei to avdelingane fordeler stillingane seg slik:

  • Dalevegen 30-32: 90%x 2
  • Bakk-Ola-marka: 100% x2

Målet er at dei tilsette kan gå vakter på begge avdelingar ved behov, men at ein har ha ei hovudavdeling ein er tilknytt. Kvalifikasjon og personlege eigenskapar er viktige kriterier vi ser etter når vi fordeler tilhøyrigheit. 


Arbeidsoppgåver

  • Leggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha eit tilbod som fremjer eigen kvardag der dei har medbestemmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag 
  • Motivere til aktivitet, og bidra til opplæring av daglege gjeremål, ADL-ferdigheiter og meistring av eigen kvardag
  • Sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
  • Bidra til å skape ein trygg og forutsigbar kvardag 
  • Samhandling med andre instansar som inngår i tenestetilbodet
  • Samhandling med pårørande
  • Lage gode planar og rutiner kring den enkelte ut i frå føresetnader og behov
  • Oppgåver knytt til legemiddelhandtering og somatiske vurderingar

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent vernepleiar eller sjukepleiar. Andre med 3 årig helse- eller sosialfagleg bakgrunn eller studentar i relevant utdanningsforløp, kan også søkje og verte vurderte for stillingane
  • Du bør ha førarkort klasse B. Det er ønskeleg med manuelt gir
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 
  • Relevant arbeidserfaring 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ynskjer å bida til å gi eit godt tilbod til bebuarane våre
  • Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • At du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
  • At du kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig 

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Det kan verte aktuelt med gruppeintervju til stillingane.  

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  i KLP
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit arbeidsmiljø med fokus på godt fagleg innhald og meistring
  • Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø

Rekrutteringstilskot er aktuelt å tilby nytilsette vernepleiarar i faste stillingar

Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - stillingar med krav om høgskuleutdanning 

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. 

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf.AML §14.2

Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Alice Karina Vervik, Avdelingsleiar Dalevegen 30-32, 47645722, alice.karina.vervik@orsta.kommune.no

Kathrine Brekke, Avdleiar Bakk-Ola-marka, 90012175, kathrine.brekke@orsta.kommune.no

Guro Bakke Liaskar, Tenesteleiar bu og habilitering, 901 03 223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no

Arbeidsstad

Anders Hovden-gata 27

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune


Referansenr.: 4901587528

Stillingsprosent: 100, 90%

Fast

Søknadsfrist: 20.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Anders Hovden-gata 27, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
388024358
Sist endret
08. jan. 2025 07:20