Er du vår nye fagleiar for Politiets nettpatrulje Vest?
- Arbeidsgiver
- FF-Seksjon for forebygging, Vest politidistrikt
- Stillingstittel
- Fagleiar Politiets nettpatrulje Vest
- Frist
- 23.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for førebygging, er det ledig stilling som politioverbetjent (stillingskode 0287) med funksjon som fagleiar for Politiets nettpatrulje Vest. Vi søkjer ein fagleg kompetent leiar, som i tillegg til å leie den daglege tenesta og faget, også kan bidra med utvikling inn i framtida.
Felles eining for førebygging (FF) er ei funksjonell eining. Eininga har eit særskilt ansvar for å sikre at førebygging blir ein del av politiet sitt strategiske arbeid og at politidistriktet sitt arbeid er kunnskapsstyrt. Felles eining for førebygging har overordna ansvar for politidistriktet si samhandling med andre samfunnsaktørar på politidistriktnivå. Eininga består av to seksjonar, Statens Barnehus Bergen og seksjon for førebygging. Driftseininga har om lag 34 tilsette med stor variasjon i erfaring, kompetanse, kjønn og alder.
Seksjon for førebygging har fag- og koordineringsansvar for politidistriktet si førebyggjande verksemd i Vest politidistrikt. Seksjonen består av fleire førebyggjande funksjonar, som førebyggjande koordinator, radikaliseringskontakt, koordinator for trusselutsette, politiets Nettpatrulje, næringslivskontakt m.fl.
Seksjonen består av kompetente medarbeidarar med ekstra kompetanse innan sitt fagfelt. Me fokuserer på kontinuerleg fag- og metodeutvikling som inkluderer stor takhøgd og god tilbakemeldingskultur.
Politiets nettpatrulje Vest har i dag opparbeida seg rundt 870 000 følgjarar på 3 plattformar. På denne måten når nettpatruljen store delar av befolkninga med sine førebyggjande budskap. Nettpatruljen har også vunne Social Media Awards og fått eiga utmerking av Politidirektøren.
God samhandling med innbyggjarane, medarbeidarar, andre einingar i distriktet, nasjonale ressursar og andre eksterne samarbeidspartar er ein viktig del av arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Leie den daglege tenesta for nettpatruljen med fokus på fagleg forankring og integritet
- Sørgje for at nettpatruljen jobbar effektivt, med høg kvalitet, og på best mogleg måte ut frå eksisterande ressursar
- Vere ansvarleg for gode løysingar som gjer at nettpatruljen kan jobbe planmessig og systematisk. På denne måten skal nettpatruljen i størst mogleg grad jobbe førebyggjande, bidra til å redusere kriminaliteten og samhandle med innbyggjarane
- Drive fag- og metodeutvikling basert på utvikling innan Sosiale Medier, tilgjengelege dataverktøy og andre verktøy som kan styrke kapasiteten til nettpatruljen.
- Bidra til kontinuerleg læring/forbetring av ansatte på nettpatruljen, samt andre i eigen organisasjon
- Må pårekne å vere eit ansikt i media for å fronte nettpatruljen sitt arbeid og bodskap
- Sikre samhandling lokalt, regionalt og nasjonalt med andre fagleiarar og fora
- Vere ein fagleg ressurs som politidistriktet kan nytte ved behov
- Sikre at lokale og sentrale føringar blir fulgt
- Utarbeidae naudsynt statistikk over aktiviteten og kunnskapsgrunnlaget til nettpatruljen
- Foredrag internt og eksternt
- Utføre andre oppgåver pålagt av overordna.
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Vitnemål frå Politiskule / politihøgskule
- Tilfredsstille kompetansekriteria for pb 3 og ha arbeida innan relevante fagfelt (F.eks. Førebyggjing/ risikovurdering/ etterretning/ etterforsking) i minimum 5 år
- Brei politifagleg erfaring
- God kjennskap til det førebyggjande tankesett, og dessutan politiet si organisering og oppdrag
- God framstillingsevne både skriftleg og munnleg. Dette inneber også gode norsk-/nynorsk kunnskapar
- Må ha god brukarkompetanse i ulike/aktuelle datasystem i politiet
- Forståing for langsiktig, systematisk og strategisk arbeid
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Må kunne sikkerhetsklarerast til Hemmeleg
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. ansettelse jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
Ønskeleg
- God kjennskap til prosjektarbeid er ein fordel
- Erfaring frå nettpatruljearbeid er ein fordel
- Erfaring med å koordinera medarbeidarar
- Erfaring frå kommunikasjonsarbeid er ein fordel
- Erfaring og kunnskap om grafisk arbeid er ein fordel
- Erfaring med spel/gaming er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, samfunnsorientert og sjølvstendig
- Innsikt i og forståelse for det førebyggjande arbeidet
- Du må ha gode evner til å jobbe i og leie team
- Aktivt bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God evne til kommunikasjon (internt/eksternt), samarbeid og relasjonsbyggjing
- Stillinga set ekstra krav til kreativitet og evne til nytenkjing
Vi søkjer ein medarbeidar som er positiv, utadvendt og har evne til å ta initiativ og gjennomføre.
Som medarbeider i politiet er du modig og heilskapsorientert, viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform. https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø beståande av kompetente medarbeidarar med variert bakgrunn.
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
- Stillinga blir lønna som politioverbetjent (stillingskode 0287) frå 736 528,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemde rapporterer i sine årsrapportar.Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Referansenr: 24/296469
Kontaktinformasjon
Kari Marie Kjellstad, Driftseningsleiar, 97056377Kristine Pettersen, Fungerande seksjonsleiar, 91367906
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4898210356
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 23.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Sikkerhet, Rådgivning
- FINN-kode
- 388234498
- Sist endret
- 10. jan. 2025 07:07