ID 2272 Lærlingar 2025 - Stord kommune
- Arbeidsgiver
- Stord kommune
- Stillingstittel
- Helsearbeidar faget, barne- og ungdomsarbeidar faget, IKT service faget, byggdriftar-, anleggmaskinførar, målar- og over
- Frist
- 01.03.2025
- Ansettelsesform
- Lærling
Beskrivelse
Stord kommune er ein spanande og variert arbeidsplass der du vil få utvikla deg både fagleg og personleg. I våre einingar vil du som lærling jobba saman med dyktige rettleiararar og kollegaer som meir enn gjerne deler sin kunnskap og erfaring med deg. Som lærling i Stord kommune er du med på å levera og vidareutvikla kommunens viktige tenenester til innbyggarane.
Stord kommune skal ta inn 31 nye lærlingar i 2025.
Me søker lærlingar i fylgjande lærefag:
-
Helsearbeidarfaget - oppstart 18.08.2025
-
Barne- og ungdomsarbeidarfaget - oppstart 04.08.2025
-
IT-driftsfaget - oppstart 18.08.2025
-
Malar og overflateteknikk -- oppstart 18.08.2025
-
Brannførebyggjarfaget (feiar).
I helsearbeidarfaget vil du væra innom ulike arbeidsplassar, som blant anna institusjon, habilitering og heimebaserte tenester. I barne- og ungdomsarbeidarfaget vil læreløpet verte delt mellom barnehage og skule.
Me ser etter:
-
Deg som har eit rett utdanningsløp
-
Deg som har eit sterkt ynskje om å bli fagarbeidar
-
Du som er villig til å læra
-
Du som er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert
-
Deg som har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
-
Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
-
Har gode datakunnskapar
Les meir om faga her: Bli lærling i Stord kommune - Stord kommune
Elevar i vidaregåande skule søkjer gjennom www.vigo.no innan 1. mars og sender i tillegg elektronisk søknad til Stord kommune.
OBS! I tillegg til elektronisk søknad til Stord kommune, må du senda inn kompetansebevis og relevante attestar innan 1. mars. Desse skal sendast saman med søknaden eller ettersendast via eDialog: Send sikker digital post til Stord kommune
Frist for å sende søknad til kommunen er 1. mars.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 31
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 388778558
- Sist endret
- 22. jan. 2025 12:37