Kommunalsjef stab og støtte
- Arbeidsgiver
- Bremanger kommune
- Stillingstittel
- Kommunalsjef
- Frist
- 02.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ny og spanande stilling i utviklingsorientert kommune.
Bremanger kommune er i utvikling, og for å levere gode tenester til innbyggjarane og tilsette stiller vi høge krav til stab- og støttefunksjonane. Vi søkjer no ein samfunnsengasjert leiar for eininga som skal vere ein utviklingsorientert partnar for heile verksemda.
Stab og støtte består av avdelingane Løn og personal, Økonomi, IKT og Servicekontoret.
Kommunalsjef rapporterer til kommunedirektøren, og er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta felles utviklings-, forvaltnings- og driftsoppgåver som støttar opp om driftseiningane si verksemd innanfor områda personalforvaltning/-utvikling, økonomi, sak/arkiv, IKT og informasjon
- Støtte kommuneleiinga i utviklinga av organisasjonen
- Initierer og gjennomfører tiltak innan fagområda til Stab og støtte
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning, minimum på bachelor-nivå
- Leiarerfaring frå tilsvarande stilling
Du må kjenne rammevilkåra i offentleg sektor, og ha innsikt og kunnskap innan eitt eller fleire av områda som er underlagt stillinga.
Du må god innsikt i planlegging og gjennomføring av endringsprosessar, og erfaring med organisasjonsutvikling.
Personlege eigenskapar
- Du evner å kombinere strategisk tenking med operativ leiing og gjennomføring
- Du må ha evne til å sjå heilskap på tvers av sektorar og fag
- Du er resultatorientert, fleksibel og løysingsorientert
- Du ein trygg og tydeleg leiar med en motiverande og tillitsbasert leiarstil
- Du skapar engasjement og motivasjon for endring
- Du bidreg til miljø for deling av kunnskap og erfaring
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i utviklinga av kommunen
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø
- Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar Bremanger kommune har elles mange attraktive ordningar for nytilsette og tilflyttarar, sjå rekrutteringstiltak
Kontaktinformasjon
Tom Joensen, Kommunedirektør, +47 47619641, tom.joensen@bremanger.kommune.noArbeidsstad
Granden 46723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4906076522
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Granden 4, 6723 Svelgen
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
- FINN-kode
- 388793636
- Sist endret
- 13. jan. 2025 11:28
Mer som dette
Tønsberg
Rådgiver digitalisering stilling nummer 2 av totalt 2 stillinger
Tønsberg kommune Digitalisering