Sommarvikarar 2025 - Helse og mestring

Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Stillingstittel
Sommarvikarar 2025 - Helse og mestring
Frist
03.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Sommaren kjem, og med den kjem også vårt behov for dyktige og engasjerte ferievikarar i sektor Helse og mestring i Midt-Telemark kommune. Denne perioden er ei tid for glede, solfylte dagar og nye moglegheiter, men vi må også sørge for at bebuarane får den beste omorgen dei fortener. Vi ser etter søkjarar som er opptatt av kvalitet på tenestene vi leverer, og som har eit genuint ønske om å skape gode og meiningsfulle dagar for både bebuarar, pårørande og kollegaer.

Som sommarvikar vil du ikkje berre ha ansvar for viktige oppgåver, men du vil også ha ei unik moglegheit til å utvikle dine ferdigheiter innan helse og omsorg. Vi ønskjer å skape eit miljø der alle kan lære av kvarandre, og der erfarne tilsette deler sin kunnskap med nykomne. Det er ei fantastisk sjanse for både personleg og fagleg vekst, og vi oppmodar alle med interesse for helseyrket til å søkje. Du vil arbeide i eit team som verdset samarbeid, respekt og empati, der kvar enkelt medarbeidar spelar ei viktig rolle i å skape eit trygt og støttande miljø for våre bebuarar.

Ferieperioden strekkjer seg frå veke 25 til 33, og vi ønskjer at våre ferievikarar skal vere tilgjengelege for å gi omsorg og støtte gjennom heile denne perioden. Det er viktig at aktuelle kandidatar er tilgjengelege for opplæring i veke 24, slik at dei kan bli godt førebudde før dei går inn i oppgåvene sine. Opplæringa vil gi deg ei grundig innføring i våre rutinar og retningslinjer, samt viktig informasjon om korleis vi kan skape eit best mogleg miljø for våre bebuarar.

Vi treng sommarvikarar i avdelingane:

Institusjon og hjemmetjeneste:

Vi treng vikarar retta mot pleie ved sjukeheimsavdelingane og assistentar til institusjonskjøkken og  vikarar som kan utføre pleie retta mot brukarar som bur i eigen heim og utføre arbeid med praktisk bistand/heimehjelp på dagtid (reinhald i private heimar)

  • Demensomsorg - Bø sjukeheim, avd. Løvlund
  • Somatisk avd. - Bø sjukeheim, avd. Jønneberg/Vihus og Sauherad bygdeheim
  • Hjemmetjenester Midt-Telemark
  • Heimehjelp (dagtid)
  • Institusjonskjøkken (dagtid)

Bo og mestring:
Vi treng vikarar innan miljøarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne

  • Solbakken/Grivijordet omsorgsbustad
  • Grauteknapp omsorgsbustad
  • Notevarp omsorgsbustad
  • Grivihaugen/Hagestad omsorgsbustad
  • Hågalia botjeneste, psykisk helse og rus

Legesentra i Midt-Telemark:

  • Bø og Gvarv legesenter (dagtid)

Som helsepersonell ved legesentra må du vere med å betene telefon i legesentras telefontid, skadestue, laboratoriet og elles det som delegerast frå lege eller leiar.
Arbeidstid er frå kl. 08.00 - 15.30.

Huk av under spørsmål i søknaden på kva for avdeling(ar) du søkjer.

Aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande etter søknadsfrist.


Kvalifikasjonar

Vi treng

  •  Sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, helsesekretærar, bioingeniørar, assistentar og sjukepleiar/vernepleiar/helsefagstudentar

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B (gjeld hjemmetjenester og avdelingar i Bo- og mestring)
  • Disponere bil (gjeld heimehjelp)

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert til å gjere ein innsats
  • Du jobber godt sjølvstendig, samstundes som du har gode samarbeidsevner
  • Må beherske norsk munnleg og skrifteleg

Personleg egnahet vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Som ferievikar i sektor Helse og mestring får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett lønn etter tariff.
Eiga lønnstige for studentar under relevant utdanning.

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar Løvlund, 48126707

Elisabeth Fosteråsen Hoksrud, Avdelingsleiar Bø legesenter, 48039978

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar Hjemmetjenester/heimehjelp, 99358302

Mona Beate Stokker, Avdelingsleiar Notevarp, 48139236

Tone Heimdal Veting, Avdlingsleiar Bø sjukeheim, avd. Jønnebreg/Vihus, 92255565

Ingrid Lømo Ånensen, Avdelingsleiar Solbakken, 41178658

Hilde Midtgarden, Konst. avdelingsleder Grauteknapp, 91310746

Ingjerd Helgen, Avdelingsleiar Sauherad bygdeheim, 41376369

Mona Storkaas Kløcker, Avdlingsleiar Bø sjukeheim, avd. Jønnebreg/Vihus, 40098730

Ingunn Munthe, Avdelingsleiar Institusjonskjøkken, 90950124

Anne Marie Nordli, Avdelingsleiar Grivhaugen/Hagestad, 97968599

Beate Bjørkås, Avdelingsleiar Hågalia botjeneste, psykisk helse og rus, 97622292

Eli Aaland, Avdelingsleiar Gvarvlegesenter, 90170836

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4903375656

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 03.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
388904469
Sist endret
14. jan. 2025 06:48