Konsulent

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Konsulent
Frist
26.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Velkomstsenteret har ledig eit 2-års vikariat i 40% frå 01.03.2025 - 31.12.2026. Velkomstsenteret har ansvar for mykje av fellestenestene i kommunen som mellom anna post, arkiv, fakturering og politisk sekretariat. I tillegg utfører vi også ein del administrative tenester både internt og eksternt. 



Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for produksjon av bygdenytt
  • Ansvarleg for Valle kommune sine SoMe kanalar
  • Koordinator for ungdomsrådet
  • Møtesektetær for ungdomsråd, eldreråd og rådet for personar med funksjonsnedsetting
  • Sakshandsaming etter behov

Det kan bli behov for endring i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelor
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Må kunne skrive på nynorsk
  • Erfaring frå kommunal forvaltning
  • Må vere interessert i og kunne bruke SoMe

Personlige eigenskapar

  • Må vere sjølvstendig og jobbe godt i team
  • Løysingsorientert
  • Nysgjerrig på nye løysingar og system
  • Må like ein hektisk arbeidskvardag med varierte oppgåver og fristar

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med tariff
  • Bedriftsleiligheit i Kristiansand
  • Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår.
  • Full kulturskuledekning
  • Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
  • Ei triveleg bygd å bu i

 

Viktig for søknaden din:

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

 

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

 

Kontaktinformasjon

Gunn Marith Homme, leiar, 91837000, gunn.marith.homme@valle.kommune.no

Arbeidssted

Kjellebergsvegen 1

4747 VALLE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Valle kommune


Referansenr.: 4906562211

Stillingsprosent: 40%

Vikar

Startdato: 01.03.2025

Sluttdato: 31.12.2026

Søknadsfrist: 26.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Konsulent, Saksbehandler
FINN-kode
388980650
Sist endret
15. jan. 2025 06:45