Sommarvikarar 2025
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Sommarvikarar 2025
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Ute er det surt, men me har starta å tenke på sommarturnusen;)
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2025 i sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Ferieavviklinga er hovudsakleg i perioden veke 25- 31; men det kan også vere aktuelt med jobb utover desse vekene. Eininga består av sjukeheim og heimetenester. Eininga har også eige kjøken, vaskeri og reinhaldspersonell.
Kommunen har, for tida, ekstra tillegg på helg.
Arbeidsoppgåver
Vi treng personel både i pleien på sjukeheim og i open omsorg (heimetenesta), samt personell på serviceavdelinga (kjøkken, reinhald og vaskeri). Søkjarane bør skrive kva avdeling dei ynskjer å jobbe i og om det er avgrensingar ein må ta omsyn til (til dømes tider ein eventuelt ikkje kan jobbe).
Kvalifikasjonar
- Me ynskjer sommarvikarar som vert motivert av å gje ein god og stabil kvardag for bebuarane og alle er velkomne til å søkje; både med og utan helsefagleg bakgrunn. Det vil verte gjeven opplæring. Søkjarar med helsefagleg bakgrunn/utdanning vil verte prioritert.
- Dei som skal jobbe i heimetenestene må ha førarkort klasse B
- Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta og oppvekst, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Løn etter tariff
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 389089144
- Sist endret
- 15. jan. 2025 01:25