Ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse sommaren 2025

Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Stillingstittel
Ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse sommaren 2025
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledige stillingar som ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse frå 23.06. – 17.08.2025.

Vi søkjer studentar og offentleg godkjende:

  •  sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre relevante helse- og sosialfaglege og pedagogiske høgskuleutdanningar 
  •  helsefagarbeidarar eller anna relevant fagutdanning
  •  sjukepleie- vernepleie og legestudentar
  •  lærar- og førskulelærarstudentar
  •  assistentar 

Aktuelle arbeidsplassar er bufellesskap for menneske med utfordingar innafor rus og psykisk helse, bufellesskap og ambulant teneste for menneske med funksjonsnedsettingar og barneavlastning. Eventuell prioritering av arbeidsstad må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide. Hugs også å oppgi i søknaden om du ønskjer bonusordning.

Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling opp til 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det blir tilsett fortløpande i stillingane.

Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.


Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
  • God digital kompetanse.
  • Det er ein fordel om søkjarane har førarkort for bil med manuell gir eller kan disponere eigen bil.
  • Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
  • Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

Løn blir endra i samsvar med tariffoppgjeret våren 2025, men per i dag gjeld følgjande:

Pleiemedarbeidarar/assistentar: årsløn i heil stilling frå kr 382 500,- til kr 479 700,- etter ansiennitet.
sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar får slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- og bestått 2. år: kr 35 000,- over stigen for assistentløn etter ansiennitet. Dersom løn og tillegg overstig fagarbeidarløn med 16 års ansiennitet vert tillegget redusert tilsvarande maksimal løn på fagarbeidarstigen.
Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert. Legestudentar som er i siste studieår (påbegynt 5. året) får gjeldande sjukepleieløn, men minimum kr 300,- per time.
Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over assistentløn etter ansiennitet. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.

Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Bonusordning:
Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 15 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at bonusen blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.

    Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

    Kontaktinformasjon

    Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605

    Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363

    Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279

    Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, 47316717

    Arbeidsstad

    Gudmundvegen 14

    6050 Valderøya

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Giske kommune


    Referansenr.: 4904864655

    Stillingsprosent: 100%

    Vikar

    Søknadsfrist: 03.03.2025

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Gudmundvegen 14, 6050 Valderøya
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
    FINN-kode
    389387212
    Sist endret
    17. jan. 2025 01:14