Rådgjevar/sakshandsamar kulturarv

Arbeidsgiver
Kultur, Stad kommune
Stillingstittel
Rådgjevar/sakshandsamar kulturarv
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kanskje Noregs mest spanande stilling innan kulturarv!

Stad kommune har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/sakshandsamar kulturarv frå 01.04.2025.

Arbeid med Selja kloster og helgenanlegg utgjer cirka 60% av stillinga, og er finansiert av Vestland fylkeskommune/Riksantikvaren. 

Andre oppgåver du kan sjå fram til å arbeide med er mellom anna:

  • Unesco verdsarvsøknad for monumentale skipsgraver frå vikingtida
  • Forvaltninga av Noregs eldste eksersisplass, med bygg frå 1700-talet
  • Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse: Stadlandet og Selja
  • Kulturmiljø av nasjonal interesse: Eidsgata og Tverrgata, gravhaugane på Nordfjordeid, m.fl.
  • Verdiskapingsprogrammet "Stad i 4000 år"
  • Nøkkelstaden Selja kloster på Kystpilegrimsleia
  • Formidling av kulturarv

Arbeidsstad Selje og Nordfjordeid.


Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar for kulturarv i Stad kommune er du med i eit lite, men effektivt team, som har mykje kontakt med fagmiljø i Vestland fylkeskommune, Universitetet i Bergen, Riksantikvaren, Nidarosdomens restaureringsarbeider med fleire. Stillinga er variert og spanande og ein må rekne med ein del reiseaktivitet. Du skal mellom anna: 

  • Vere Stad kommune sin representant i arbeidet med Selja kloster og helgenanlegg, der du har ansvar for å følgje opp arbeid med konservering, skjøtsel og forvaltning av Selja kloster i samarbeid med relevante aktørar og offentlege styresmakter
  • Delta i samarbeidsrådet for Selja kloster og helgenanlegg
  • Følgje opp planarbeid i Stad kommune på kulturarvfeltet, som kulturplan, kulturarv- og kulturmiljøplanar, formidlingsplan for utvalde kulturlandskap, brannsikringsplan for tette trehusmiljø m.m.
  • Delta i tverrfagleg plan- og utviklingsarbeid som involverer til dømes kulturarv, miljø, reiseliv, formidling, stadutvikling og arealplanar
  • Samarbeide med Selje regionale pilegrimssenter om utvikling av kystpilegrimsleia, samt fungere som leiar for nøkkelstadgruppa for Selja kloster
  • Ta del i utvikling av Selje prestegard som kulturhus og formidlingsarena
  • Sakshandsame, uttale og rådgje i byggje- og arealplansaker i Stad kommune i kontakt med relevante eksterne fagmiljø som fylkeskommune, riksantikvar, kulturminnefondet og andre
  • Følgje opp tiltak i kulturarvplan og samarbeide med relevante aktørar i Stad kommune om å bevare, formidle og nytte kulturarv i lokal samfunnsutvikling
  • Gje råd og rettleiing til innbyggjarar om eksterne søknadsordningar

    Kvalifikasjonar

    • Utdanning på masternivå eller bachelor innan relevante fagfelt som arkeologi,
      museologi, kulturminneforvaltning , konservering, kulturhistorie,
      kunsthistorie, historie eller liknande
    • Erfaring frå offentleg sakshandsaming og forvaltningsarbeid med plan- og bygningslova og kulturminnelova er ynskjeleg 
    • Relevant erfaring frå kulturminneforvaltning og arbeid med kulturarv er ynskjeleg 
    • Erfaring med prosjektleiing er ynskjeleg 
    • God munnlege og skriftlege framstillingsevne i norsk og engelsk
    • God IKT-kompetanse
    • Du må ha førarkort klasse B
    • Det er ynskjeleg at du har båtførarprøva

    Personlege eigenskapar

    • Du er ein positiv og raus lagspelar
    • Du har gode kommunikasjonsevner
    • Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
    • Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
    • Du har gode samarbeidsevne

    Vi tilbyr

    • Eit særs rikt og spennande kulturarvfelt
    • Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, frivilligsentralar og bibliotek
    • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
    • Ein kommune som tek vare på og satsar på kulturarven i samfunnsutviklinga!
    • Løn etter utdanningsnivå og ansiennitet
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

    For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933. 

    Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

    Kontaktinformasjon

    Geir Holmen, einingsleiar kultur, 907 79 933, geir.holmen@stad.kommune.no

    Arbeidsstad

    Sophus Lie-vegen 3

    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stad kommune


    Referansenr.: 4884998806

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 23.02.2025

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Nabben 80, 6740 Selje
    Stillingsfunksjon
    Rådgivning, Annet, Saksbehandler
    FINN-kode
    389452403
    Sist endret
    20. jan. 2025 07:28