Sjukepleiar/vernepleiar vi har  sommervikariat til deg

Arbeidsgiver
Akuttpsykiatrisk post Haugesund, Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Frist
30.05.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du vår engasjerte sjukepleiar eller vernepleiar til akuttpsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus!

Til sommaravviklinga i avdeling psykisk helsevern på Haugesund sjukehus ser vi etter engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som vil bli ein del av vårt team på akuttpsykiatrisk post.

Stillingane er på 80–100 % og omfattar turnusarbeid i todelt, tredelt eller natt, med moglegheit for forlenging.

På akuttpsykiatrisk post jobbar vi tett med menneske i kritiske livssituasjonar. Dette er ein lukka eining der vi tek imot pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp, ofte med komplekse problemstillingar. Vårt mål er å gi pasientane trygg og god behandling når dei treng det som mest.

  • Ver venleg å opplyse i søknaden kva tid du kan arbeide i perioden.
  • Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål vedrørande stillinga. Tisetjing skjer fortløpande.

Er dette noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk behandling på lukka døgneining.
  • Medikamenthandtering.
  • Somatiske undersøkingar og somatisk oppfølgjing.
  • Delta på tverrfaglege behandlingsmøter.
  • Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Fordel med vidareutdanning innan fagområde psykisk helsearbeid og rus.
  • Ynskjeleg med kjennskap til og fortrinnsvis praksis innan relevant fagområde.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

    Vi ser etter deg som

    • er fagleg engasjement.
    • har gode samarbeidsevne.
    • er fleksibel.
    • trivst med å arbeide i tverrfaglege team.
    • er tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar.
    • har interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase er ein føresetnad.

    Personleg eignaheit vert vektlagt.

    Hos oss får du

    • Ein spennande arbeidsplass med brei tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern og rus.
    • Eit erfarent og kompetent personale med fast tilsette spesialistar.
    • Tilgang til nye og moderne lokalar, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og eit aktivt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset og psykisk helsevern.
    • Rettleiing, undervisning og moglegheit til å delta i fagutvikling.
    • Moglegheit for rask oppstart i stillinga.
    • Ein inkluderande arbeidsplass som er ein del av IA-bedrifta.

    Kontaktinformasjon

    Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, 41863999

    Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120

    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


    Referansenr.: 4908484388

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 30.05.2025

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
    Stillingsfunksjon
    Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
    FINN-kode
    389874184
    Sist endret
    20. jan. 2025 11:35