Bømlo heimeteneste søkjer sommarvikarar
- Arbeidsgiver
- Bømlo kommune
- Stillingstittel
- Sommarjobb Heimetenesten
- Frist
- 31.05.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Har du lyst på ein spanande sommarjobb innafor helse? Ynskjer du å gjere ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Då er dette jobben for deg!
Me søkjer etter sommarvikarar i perioden veke 25-32 ved Bømlo heimetenester. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker i løpet av veke 25-32, og spesielt i juli/august månad. Søknadar vert vurdert fortløpande.
Som sommarvikar kan du få utbetalt bonus. Les meir om bonusordninga under.
Arbeidsoppgåver og litt om oss
Heimetenesten organiserer og utøver helsetenester som heimesjukepleie, heimerehabilitering, velferdsteknologi, dagtilbod for eldre, henting og bringing til dagtilbodet, matombringing, personleg assistanse og praktisk bistand. Hos oss vil du møta brukarar i ulike aldrar og med ulike hjelpebehov. Målet til heimetenesten er at brukarane skal kunna leva eit så sjølvstendig liv som rå. Dei skal få hjelp/bistand til å meistra eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad så lenge som mogleg.
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene i heimetenesten:
- Personretta hjelp (heimesjukepleie)
- Matombringing
- Praktisk hjelp
- Henting og bringing til dagtilbodet
- Opplæring i heimen
Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
For arbeid i omsorgstenester må du ha fylt 18 år.
- Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med mennesker og likar å hjelpe andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Me har spanande tenester med høve til opplæring og utvikling.
- Me har eit inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.
Om Bømlo kommune
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Hilde Markhus, verksemdsleiar.
Kontaktinformasjon
Hilde Markhus, 909 49 278Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4903884836
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.05.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Leirdalen 1, 5430 Bremnes
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 389901462
- Sist endret
- 20. jan. 2025 02:10