![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/07/3/392/534/263_0d587a57-4668-4583-abbb-82b6ba96dd15.png)
Leiar for planavdelinga
- Arbeidsgiver
- Stryn Kommune
- Stillingstittel
- Leiar for planavdelinga
- Frist
- 24.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med å påvirke utviklinga til Stryn kommune?
Planavdelinga er sentral i kommunen sitt strategi- og planarbeid, som leiar i denne avdelinga set du kursen i kommunen vår.
Stryn er mellom anna kjent for ein storslagen natur og eit rikt næringsliv. Ny samfunnsdel set mål om at vi skal vere på lag med naturen, at Stryn skal vere ein god stad å bu for alle heile livet, og at vi skal ha eit innovativt, allsidig og grønt næringsliv.
Vi søkjer etter leiar for avdelinga som kan bidra til ei slik utvikling ved å setje retning, sikre framdrift og bidra til god og positiv kommunikasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagt på line med faglege kvalifikasjonar.
Planavdelinga ligg under etat for samfunnsutvikling, og du vil vere leiar for eit team på 5 tilsette som arbeider mellom anna med kommuneplan, reguleringsplanar og byggesaker. Du inngår i leiargruppa for samunnsutvikling, og rapporterer til kommunalsjef.
Kontorstad er kommunesenteret i Stryn.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg rettleiing, prioritering og koordinering av arbeid i samråd med kommunalsjef
- Personalansvar for avdelinga, bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Oppfølging av planstrategi, politiske vedtak og kommunen sine mål
- Kontaktpunkt mellom planavdeling, andre avdelingar, innbyggjarar og utbyggjarar
- Budsjettarbeid, delta i saksbehandling og planarbeid
Kvalifikasjonar
- Universitets- eller høgskuleutdanning, fortrinnsvis ingeniør, arkitekt, jurist eller samfunnsplanleggar.
- Relevant erfaring frå planarbeid, byggesaksbehandling eller leiarstilling. Erfaring frå kommunal forvaltning er ein fordel.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt målføre er nynorsk.
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert med god kommunikasjonsevne - skape gode relasjonar mellom kommunen og innbyggarane
- Du må vere god til å motivere dine medarbeidarar
- Gode evner til samarbeid og nettverksbygging internt og eksternt
- Strukturert, engasjert og i stand til å skape gode prosessar og framdrift
Vi tilbyr
- Fagleg- og personleg utvikling gjennom leiaropplæring i kommunen
- Reell påverknad på kommunen si planlegging og forvaltning
- Trivelege kollegaer
- God pensjons- og forsikringsordning
Høyrdest denne utfordringa spennande ut? Steinar ventar spent på å høyre frå deg.
Kontaktinformasjon
Steinar Nesdal, Kommunalsjef samfunnsutvikling, 99506150, steinar.nesdal@stryn.kommune.noArbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4870287564
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tonningsgata 4, 6783 Stryn
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Ledelse, Prosjektledelse
- FINN-kode
- 390008720
- Sist endret
- 21. jan. 2025 11:24
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/07/3/392/534/263_0d587a57-4668-4583-abbb-82b6ba96dd15.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/11/4/393/150/554_c1b5c90b-07b5-43a2-b34f-1909e927317d.png)