Seniorrådgivar RIB - Bli med og planlegg morgondagens bygg

Arbeidsgiver
Nordplan As Avd Nordfjord
Stillingstittel
Senior RIB
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du jobbe i eit dynamisk og tverrfagleg miljø, og samtidig ha friheita til å velje kvar du skal bu? Då kan Nordplan vere arbeidsplassen for deg! Vi nærmar oss 100 tilsette, og no treng vi deg som er seniorrådgjevar RIB med på laget for å utvikle morgondagens løysingar saman med oss.




Hva vi ser etter

Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du kommuniserer godt med kollegaer og kundar, og du ønsker å formidle eigen kunnskap og rettleie yngre medarbeidarar. Vi ser etter personar som vil vere med å utvikle kompetansen i vårt RIB-miljø som omfattar nærmare 20 bygningsteknikarar, i nært samarbeid med ca. 20 arkitektar og ca. 10 energi- og miljørådgjevarar. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Sivilingeniør eller tilsvarande innan konstruksjonsteknikk med minimum 10 års relevant erfaring

  • Beherskar prosjekteringsverktøy som Revit og Robot Structural Analysis eller tilsvarande programvare.

  • Erfaring frå større og kompliserte byggjeprosjekt

Fagleg blir du ein del av seksjonen for <> i selskapet. Denne stillinga kan vere tilknytt eitt av våre mange kontor.

Sjekk ut stillingsannonsa her:

Seniorrådgjevar RIB - Nordplan




Arbeidsoppgaver
  • Dimensjonering og oppteikning av stål-, betong- og trekonstruksjonar

  • Global statikk ved bruk av blant anna Robot Structural eller tilsvarande programvare

  • 3D-modellering og utarbeiding av teikningar/produksjonsunderlag i Revit

  • Fagansvar i oppdrag





Vi tilbyr
  • Arbeidstid som er balansert og tilpassa prosjektmål og privatsituasjon.

  • Fleksibilitet til å velje arbeidsplass. Om du vil bu i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg, er opp til deg. Vil du heller jobbe frå byen, eller ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så finn vi løysingar for det. Vi likar sjølvsagt aller best at du er innom eit av våre kontor slik at vi får ha det sosialt saman òg. Uansett kvar du vil jobbe frå finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Oslo, Bergen og Reykjavik.

  • Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med spennande og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om her.

  • Vi er eit selskap i vekst, så her er moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling -- spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke kollegaer rundt deg.

  • Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.

  • Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet. Lokalt ved dei ulike kontora våre støttar vi ulike lag og aktivitetar.

Sektor
Privat
Sted
Storgata 67A, 2609 Lillehammer
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Konsulent, Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
FINN-kode
390150801
Sist endret
22. jan. 2025 08:11