Heimetenesta tilkallingsvikar 2025

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Heimetenesta tilkallingsvikar 2025
Frist
31.12.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Her kan du søka dersom du ønsker å vera tilkallingsvikar i ein av dei 2 einingane til Heimetenesta:

  • Heimetenesta - yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera hjelp til stell, mattillaging, legemiddelutdeling, reinhald og liknande
  • Hauge Omsorgsbustad - inneheldt 16 leiligheter der bebuarane er heimebuande. Hauge Omsorgsbustad har eige personale og har eit tett samarbeid med Heimetenesta

Arbeidsoppgåver
  • Omsorg til menneske i deira eigen heim 
  • Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi) 
  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler. 
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand 
  • Samarbeid med pårørande 
  • Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar 

Kvalifikasjonskrav
  • Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B1 test i norsk. For sjukepleiarar gjeld krav om bestått B2 test
  • Krav om førarkort klasse B i Heimetenesta, ikkje ved Hauge Omsorgsbustad

Vi tilbyr
  • Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer 
  • Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP
. Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Spørsmål om stillinga

Om du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader. 

Alle søknadar skal registrerast digitalt gjennom JobbNorge. 

Behovet for vikarar er situasjonsstyrt og kan variere i både i tid og omfang. Me vil derfor ta kontakt med aktuelle søkjarar etter kvart som behovet dukkar opp. 

Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad! 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Hauge omsorgsbustad, Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
390959883
Sist endret
27. jan. 2025 01:02