Ferievikar Heimetenesta sommaren 2025

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Ferievikar Heimetenesta sommaren 2025
Frist
31.05.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Om stillinga

Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng me ferievikarar som kan gjere sommardagane gode for brukarane våre. Håper du har lyst til å jobbe i lag med oss. Me treng ferievikarar frå midten av juni - ut august.

Her kan du søka dersom du ønsker å vera ferievikar i ein av dei 2 einingane til Heimetenesta: 

Heimetenesta - yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på hjelp kan vera hjelp til stell, mattillaging, legemiddelutdeling og liknande. Tilsette utan helsefagleg utdanning utfører og reinhald i heimane.

Hauge Omsorgsbustad - inneheldt 16 leiligheter der bebuarane er heimebuande. Hauge Omsorgsbustad har eige personale og har eit tett samarbeid med Heimetenesta. Her har ein dei same arbeidsoppgåvene som i Heimetenesta. 


Arbeidsoppgåver
  • Omsorg til menneske i deira eigen heim
  • Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi) 
  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler 
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand 
  • Samarbeid med pårørande 
  • Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar

Me tilbyr
  • Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv 
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer 
  • Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta 
  • Ferievikarkurs med introduksjon til fagfeltet som er relevant for brukarane du vil møte hjå oss 
  • Me har obligatorisk nettbasert kurs om handtering av legemiddel for dei som ikkje har dette frå før. Dette kurset må ein fullføre og bestå før ein tek til i stillinga
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP.

Kvalifikasjonskrav
  • Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen 
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B1 test i norsk. For sjukepleiarar gjeld krav om bestått B2 test 
  • Krav om førarkort klasse B i Heimetenesta. I Hauge Omsorgsbustad er dette ikkje eit krav

Anna informasjon
  • Du som søkjer må vera over 18 år
  • Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande mellom veke 26 og 35
  • Me vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden 
  • Om du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader

    Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad!


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
390960393
Sist endret
28. jan. 2025 07:49