Lærarar til grunnskulen

Arbeidsgiver
Sveio kommune
Stillingstittel
Lærarar til grunnskulen
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli lærar i Sveio? 

Det er venta å bli ledige lærarstillingar i grunnskulen i Sveio kommune frå 1.8.2025, både i faste stillingar og i vikariat. Sveioskulen søkjer deg som har høg fagleg kompetanse og er motivert for å delta i utvikling av kvalitet i opplæringa. Elevane skal oppleve eit pedagogisk tilbod kor det blir lagt til rette for kreativitet, lærelyst og meistring. Dei skal møte trygge tilsette som tek ansvar for gode relasjonar i eit inkluderande felleskap. Elevane skal oppleve å bli lytta til og kunne medverke i eigen kvardag. 

Skulane skal vera ein arena for tidleg innsats og inkluderande læringsmiljø. Skulane arbeida aktivt med å utvikle gode profesjonsfellesskap og arbeidsmiljø. Fleire av skulane arbeidar etter to-lærarmetoden, og Sveio-skulen er med i dei ulike kompetanseordningane. I samanheng med kompetanseløftet og oppvekstreforma blir du med som ein viktig lagspelar i arbeidet med å skape gode  oppvekst- og læringsbetingelsar for barn og unge i Sveio kommune.

Sveio kommune har tre barneskular, eit oppvekstsenter og ein kombinert barne- og ungdomssskule. Informasjon om skulane er å finn heimesidene til kommunen. Ta gjerne direkte kontakt med den einskilde rektor for meir informasjon. 


Arbeidsoppgåver
  • planlegging og leiing av elevane si læring 
  • arbeida målretta for å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø 
  • arbeida aktivt med pedagogisk innhald i skulen 
  • utvikla den digitale kompetansen til elevane og arbeidsplassen
  • sikra tidleg innsats for å fanga opp utanforskap og mangel på meistring
  • delta aktivt i utvikling av det profesjonelle læringsfellesskapet

Kvalifikasjonar
  • godkjend undervisningskompetanse (Opplæringslova §10-1 jfr. forskrift til opplæringslova §14)
  • søkjarar med undervisningskompetanse i norsk, matematikk, engelsk, tysk og spansk har me særleg nytte for
  • undervisningskompetanse i spansk og tysk 
  • barnehagelærar med skuleretta tilleggsutdanning kan bli vurdert som tolærar ved 1 og 2 trinn 
  • spesialpedagogikk med hovudvekt på psykososiale vanskar kan bli prioritert 

Personlege eigenskapar
  • fagleg engasjert og motivert, og ønskjer å bidra til utvikling av Sveioskulane 
  • tett på elevane si læring og utvikling, og har eit sterkt pedagogisk engasjement 
  • eit inkluderande elevsyn og er i stand til å sjå den enkelte elev
  • god på samarbeid og evner å skape gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer 
  • evne til sjølvstendig arbeid du kan gje og ta imot rettleiing 

    Personlege eigenskapar blir lagt vekt på


Vi tilbyr
  • utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap på eigen skule og på tvers av skulane
  • god rettleiing og oppfølging av nyutdanna
  • eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle 
  • løn etter gjeldande tariffavtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • det blir krevd gyldig politiattest for alle som skal arbeide i skule

Sektor
Offentlig
Sted
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
391090806
Sist endret
28. jan. 2025 02:26