Sommarvikarar i pleie- og omsorgstenesta 2025

Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Sommarvikarar i pleie- og omsorgstenesta 2025
Frist
Snarest

Beskrivelse

Vi har fleire spennande moglegheiter for deg som ønskjer å arbeide i Skjåk kommune i sommar. Vi har ekstra timegodtgjersle for vikarar i tenestene i perioden veke 26-33.

Vi søkjer etter deg som er sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, eller deg som har erfaring frå/interesse for arbeid med eldre, målretta miljøarbeid eller personleg assistanse. Har du arbeidserfaring frå eit anna fagfelt, og vil nytte høvet til å prøve noko heilt nytt, høyrer vi gjerne frå deg. Om du er student eller elev på vidaregåande skule innan helsefag- eller pedagogisk utdanning, er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Skjåk kommune. Vi søkjer etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til å arbeide sjølvstendig, blir motivert av å arbeide med folk og å gje andre ein betre kvardag.

Vi oppmodar begge kjønn til å søkje.

Aktuelle tenester

Sjukeheim

  • Skjåkheimen er ein sjukeheim der bebuarar har fast plass eller har opphald over ei kortare periode. Eksempel på oppgåver her er å gje bebuarane hjelp til naudsynte gjeremål i kvardagen, som personleg stell og måltid. På Skjåkheimen vektlegg vi gode samtaler og aktivitetar, og å leggje til rette for ein god kvardag for dei som bur der.

Kjøken

  • Er du utdanna kokk og ynskjer å jobbe hjå oss i sommar, blir du sett inn i kokketurnus med alle arbeidsoppgåvene som er på kjøkenet.

  • Dersom du skal inn som assistent blir du sett til daglege arbeidsoppgåver på kjøkenet som reinhald, oppvask og skrelling. I tillegg assisterer du kokkane på kjøkenet med ulike arbeidsoppgåver.

Heimesjukepleia

  • I heimesjukepleia møter du brukarar som treng hjelp og støtte i sin eigen heim. Oppgåver her kan vere hjelp til stell og personleg hygiene, samt tilrettelegging og bistand ved måltid.

Praktisk bistand (heimehjelp)

  • Som heimehjelp i praktisk bistand hjelp du brukarar som treng hjelp til vask og stell i eigen heim. Nokre kan og trenge hjelp til stell og personleg hygiene.

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato for alle sommarvikarar

  • Det er eit ynskje at du kommuniserer tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg

Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.

Vi tilbyr

Ved sommarjobb i kommunen vil du få ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår, opplæring og moglegheit for allsidig erfaring på ein arbeidsplass i utvikling. Vi har mange utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Du vil få mange dyktige og engasjerte kollegaer. Kommunen kan hjelpe til med bustad ved behov.

Opplæring vil bli gjeve. Nye vikarar blir kontakta og invitert på besøk før oppstart.

Du kan gjerne skrive i søknaden kva for område du ynskjer å arbeide i. Arbeidstid er etter gjeldande turnus med arbeid i inntil annankvar helg, og primærarbeidsperiode er frå veke 26 til og med veke 33. Det er ynskje at du set opp i søknaden dersom du må ha fri til bestemte dagar gjennom sommaren.

Spørsmål om stillingane kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.

Vi har fortløpande opptak når det gjeld søknad på stilling som sommarvikar.

  • Elektronisk søknadsskjema

  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Kommunedirektøren

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
391102657
Sist endret
03. feb. 2025 05:29