Kyrkjelydspedagog
- Arbeidsgiver
- Mo Sokn, Kirkejobb
- Stillingstittel
- Kyrkjelydspedagog
- Frist
- 20.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
LEDIG STILLING SOM KYRKJELYDSPEDAGOG I MODALEN
Me søker etter ein person som kan leie trusopplæringsarbeidet i Mo sokn. Stillinga er retta mot born og unge frå 0-16 år. Den som vert tilsett har høve til å utforme stillinga i samråd med kyrkjeverje. Tilsetjing 1. april 2025 eller etter avtale. Stillingsprosenten er 40 %. Arbeidstida er i hovudsak knytt til faste aktivitetar på dei fleste onsdagane, og delvis andre andre dagar / helg.
Er du pliktoppfyllande, både sjølvstendig og kan jobbe i team? Ynskjer du ein arbeidsplass med oversiktlege forhold, moderne arbeidslokaler, kjekke modølinger og trivelege kollegaer? Då oppmodar vi deg til søkje!
Arbeidsoppgåver
- Kyrkjelydspedagog vil starte arbeidet med å revidere gjeldande trusopplæringsplan.
- Ansvar for å gjennomføre tiltaka i trusopplæringsplanen.
- Tal del i gudstenester som er relevant for stillinga.
- Ta del i arbeid med rekruttering og oppfylging av frivillige medarbeidarar.
- Ansvar for innkjøp av nødvendig utstyr.
- Arbeide med stoff til heimeside, «kyrkja vår» og sosiale medier.
Arbeidsstad
- Kyrkjekontoret på Mo.
- Høve til å nytte heimekontor.
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Du likar å jobbe med barn og unge.
- Er sjølvstendig og har samarbeidsevner.
- At du er imøtekommande og pliktoppfyllande.
- Du må være medlem av Den norske kyrkja.
- Erfaring kan kompensere for manglande formelle kvalifikasjonar.
Organisasjonsmessig plassering
- Kyrkjelydspedagog har kyrkjeverja som dagleg leiar.
- Presten er næraste overordna i samband med gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege hendingar.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale.
- Tilsetjing/arbeidsvilkår i tråd med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KAs tariffområde.
- Pensjonsordning i KLP.
- Opplæring.
Mo sokn har ansvar for ei kyrkje og to gravplassar, samt drifta av den kyrkjelege verksemda. I staben er det kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, reinhaldar og kyrkjeverje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Kyrkjeverje Lars Bjarte Nesheim
Tlf. 97 67 54 16
E-post: kyrkjekontoret@mosokn.no
Søknad med attestar og vitnemål kan sendast til e-postadresse ovanfor eller til:
Mo kyrkjelege fellesråd
Postboks 15
5732 MODALEN
Søknadsfrist: 20. februar 2025
Den norske kyrkja Mo sokn, Modalen
Kontaktinformasjon
Lars Bjarte Nesheim, Kyrkjeverje, 976 75 416, kyrkjekontoret@mosokn.noArbeidsstad
Fylkesvei 3565729 Modalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: KirkejobbReferansenr.: 4913478737
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 20.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Fylkesvei 356, 5729 Modalen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 391118133
- Sist endret
- 29. jan. 2025 07:17
Mer som dette


