Ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO - indre

Arbeidsgiver
Stad kommune
Stillingstittel
Ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO - indre
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stad kommune har ledige stillingar som fagarbeidar ved grunnskulane i indre del av kommunen frå 01.08.2025. Vi har ledige både faste stillingar og vikariat, i heiltid og deltid.

  • Eid ungdomsskule har 276 elevar fordelt på 8. - 10. trinn.

  • Nordfjordeid skule har om lag 300 elevar fordelt på 1.- 7. trinn.

  • Haugen skule og barnehage er eit oppvekstsenter med 80 elevar fordelt på 1.- til 7. trinn.

  • Hjelle skule har 68 elevar fordelt på 1. -7 trinn.

  • Stårheim skule har 49 elevar fordelt på 1. -7 trinn. 

 

Stad kommune har til saman 8 kommunale grunnskular. Skulane er av ulik storleik og ligg geografisk spreidde i kommunen.

Vi har også ledige stillingar ved Selje skule, Flatraket skule og Stadlandet skule.
Du finn meir informasjon som stillingane i ytre del av Stad kommune her.

I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. Du kan lese meir om den her.

Meir informasjon om skulane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no


Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette for aktivitet og leik
  • Gje støtte i undervisninga
  • Støtte og trygge enkeltbarn og barn i grupper
  • Samarbeide til det beste for barna gjennom planlegging og personalmøte

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Ufaglærte med relevant praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan bli vurderte

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk både munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ, har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å utvikle og tilpasse deg i møte med barn, ut i frå barna sine føresetnadar
  • Du kan handtere ei stor barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgspermisjon og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til fagleg utvikling
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. 
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon kan du ta direkte kontakt med den enkelte rektor.

 

Kontaktinformasjon

Peder Felde, Rektor Eid ungdomsskule, 970 32 761, peder.felde@stad.kommune.no

Anne-Grete Eikås, rektor Nordfjordeid skule, 95 90 62 37, age@stad.kommune.no

Vivian Frøynes Melheim, rektor Haugen skule- og barnehage, 91 73 86 36, vivian.melheim@stad.kommune.no

Anne Langedal Bakke, Rektor Hjelle skule, 99 61 05 67, anne.langedal.bakke@stad.kommune.no

Monica Hellenes, rektor Stårheim skule, 95212176, monica.hellenes@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Vikabakken 26

6777 Stårheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4909291462

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 23.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Vikabakken 26, 6777 Stårheim
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
391132806
Sist endret
05. feb. 2025 09:09