Pedagogisk leiar i Beito barnehage
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar i Beito barnehage
- Frist
- 21.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagebygget blir brukt på ein fleksibel måte ut i frå behovet til barnegruppene.
Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. For tida har vi ei eigen gruppe for barn med særskilde behov, i tillegg til tre vanlege avdelingar for barn i alderen 1-6 år. Dette barnehageåret har vi ei småbarnsavdeling (0-2 år), ei mellombarnsavdeling (3-5 år) og ei avdeling for dei som går det siste året i barnehagen.
Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. Uteområdet gir moglegheiter for aktivitet, men også til ro og kvile. Vi går på tur utanfor gjerdet og utforskar naturen i nærområdet. Vi legg vekt på å vera mykje ute i løpet av barnehagedagen.
I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen.
I samarbeid med Høgskulen Innlandet har vi hatt fokus på utviklingsarbeid med tema relasjonar. Relasjonar som er prega av openheit, respekt, tillit og tryggheit bidreg til gode dagar for både liten og stor. Relasjonar er ferskvare og må pleies kvar dag. Det er alltid dei vaksne i barnehagen som har ansvar for å bygge gode relasjonar til barna, til dei andre vaksne og til foreldra.
Visjonen for Beito barnehage er "Det unike mennesket i fellesskapet".
Vi har følgjande stilling ledig:
- 60 % fast stilling - denne stillinga er knytt opp mot spesialpedagogisk arbeid.
Er du barnehagelærar, men ikkje interessert i spesialpedagogikk? Søk likevel, vi trenger alle med på laget vårt.
Arbeidsoppgåver
- Leggje til rette for gode lærings- og oppvekstvilkår for barn som har særskilde læringsbehov
- Barnehagen bruker EIBI som metode og denne brukast i det daglege arbeidet med barna. Du skal følgje metoden igjennom heile arbeidsdagen.
- Delta i det daglege arbeidet med å skape eit trygt og utviklande miljø for enkeltbarna og barnegruppa
- Delta aktivt i leik og være saman med barna
- Ha det pedagogiske ansvaret på avdelinga, eller i barnehagen, og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet
- Samarbeide med og rettleie kollegaer
- Ansvar for eit tett foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan spesialpedagogikk.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å bruke seg sjølv i ein, til tider, hektisk kvardag
- Evne til å takle det upårekna og evne til å improvisere ein del, sidan det kan oppstå situasjonar der det ikkje finnes eit fasitsvar
- Ha humor, glede og vere påliteleg
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Tett rettleiing og oppfølging frå habiliterinstenesten.
- Eit team i ryggen med omfattande kursing innanfor EIBI tilnærming
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Telefongodtgjørelse
- Avtale om arbeidstøy
- Flyttegodtgjørelse
- Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar
- Nedskriving av studielån kr 25.000 per år jf. nasjonal ordning
Kontaktinformasjon
Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4913826004
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 21.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 391233190
- Sist endret
- 29. jan. 2025 01:47
Mer som dette
