Vil du bli ein del av vårt team på våre nye hurtigbåtar?

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Maskinsjef på hurtigbåt i sambandet Kleppestø-Strandkaien
Frist
12.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bli med på verdas største grønte revolusjon innan hurtigbåtnæringa! Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet. Vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenlege ferger- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi utvidar no hurtigbåtsegmentet vårt med to ombyggingar og eit nybygg. Frå januar 2025 skal desse fartøya trafikkere Askøyruta og Nordhordlandsruta, frå Strandkaien i Bergen sentrum. Fjord1 søkjer etter ein maskinsjef som ønskjer å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta), og bidra i selskapets grøne satsing i hurtigbåtnæringa. Fartøy vil vere M/S Kleppestø, tidlegare M/S Terningen som no er under ombygging til moderne elektrisk drift.

 

Du blir ein del av brubesetninga ombord, saman med skipsførar og overstyrmann. Du vil ha ansvar for teknisk utstyr og maskineri. Arbeidet består av overvåking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehold.

 

Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av. Uke 1 av arbeidsperioden: måndag til laurdag. Uke 2 av arbeidsperioden: måndag til fredag.

Med moglegheit til å reise heim etter endt vakt og i helger. 
Selskapet tilbyr hybelordning på Kleppestø kai i arbeidsperioden.
Ein flott jobb å kombinere med fritid og familieliv!


Relevante kandidatar vert kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde

Ønska kvalifikasjonar

  • Minimum M3 opptil 3000 kW
  • Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
  • Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Du er ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef, med fokus på sikkerhet og effektiv drift. Du er løysingsorientert, strukturert og trivast med å lede og samarbeide i team.

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel
  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar

Vi tilbyr

  • Løn gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund (DNMF)
  • Innovasjon og kompetanseutvikling: Ver med å forme framtida innan maritim transport med grøne, banebrytande løysingar
  • Balanse mellom arbeid og fritid:  12 dager på/16 dager fri. Dagvakter, med moglegheit til å reise heim etter endt vakt og i helger
  • Hybelordning i arbeidsperioden
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kolleger
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Selma Førde, +47 468 65 635, selma.forde@fjord1.no

Arbeidsstad

Kleppestø Kai

5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS


Referansenr.: 4913632990

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.02.2025

Sektor
Privat
Sted
Kleppestø Kai, 5300 Kleppestø
Stillingsfunksjon
Annet, Teknisk personell, Ledelse
FINN-kode
391308521
Sist endret
30. jan. 2025 07:06